MELD TIL POLITIET: Illustrasjon.
MELD TIL POLITIET: Illustrasjon. (Bilde: Arkiv)

Kviterussisk bussjåfør stogga ikkje for kontroll – vart innhenta

No er han meld til politiet.

Lærdal: Det var under ein trafikkontroll langs E16 på Håbakken i Lærdal at den polske turistbussen ikkje stogga, sjølv om kontrollen var skilta.

Bussen vart innhenta og teken med tilbake til Håbakken. Der viste det seg at føraren, ein kviterussar, ikkje hadde yrkessjåførkompetanse. I bussen sat tredve passasjerar og ein guide, som måtte over i ein anna buss før dei kunne reise vidare.

Bussjåføren vart meld til politiet, både for at han ikkje stogga òg fordi han ikkje hadde yrkessjåførkompetanse.

Til toppen