GLATT: På dei fire fjellovergangane mellom aust og vest ligg det snø måndag morgon. Foto: Statens vegvesen/Webkamera. 
GLATT: På dei fire fjellovergangane mellom aust og vest ligg det snø måndag morgon. Foto: Statens vegvesen/Webkamera. 

Kvitt på fjellovergangane

Vinteren byrjar for alvor å bita seg fast i fjellet.

Årdal: Allereie i førre veke byrja dei første snøfnugga å legge seg i vegbana på fjellovergangane i Sogn. 

I natt har det kome meir snø, noko som skapar vanskelege køyretilhøve på fjellovergangane, spesielt dersom ein ikkje har lagt om til vinterdekk.

Både på Filefjell, Hemsedalsfjellet, fylkes 50 og fylkesveg 53 er det stadvis snø og isdekke måndag morgon. 

Temperaturen ligg på eit par minusgrader, og snøbygene har formen «lette». 

Til toppen