NYVALT: Kristin Gunleiksrud Raaum vart valt til ny leiar av Kyrkjerådet under Kyrkjemøtet i Trondheim måndag. Foto: Flickr/kyrkjebilder.
NYVALT: Kristin Gunleiksrud Raaum vart valt til ny leiar av Kyrkjerådet under Kyrkjemøtet i Trondheim måndag. Foto: Flickr/kyrkjebilder.

Kyrkjerådsleiaren vil leve med usemje

Den nye leiaren av Kyrkjerådet, Kristin Gunleiksrud Raaum, forsikrar at det også skal vere stort rom for det konservative mindretalet i kyrkja.

Med valet av 54-åringen frå Asker innkasserte den liberale fløya i Åpen folkekirke måndag endå ein siger på Kyrkjemøtet i Trondheim. Den nye folkevalde toppleiaren i Den norske kyrkja er styremedlem i Åpen folkekirke som gjorde stor suksess i kyrkjevalet i fjor med sitt sterke ønske om å opne for homofil vigsel i kyrkja.

USEMJE: Den nye kyrkjerådsleiaren seier ho vil leve med usemje i kyrkja.
USEMJE: Den nye kyrkjerådsleiaren seier ho vil leve med usemje i kyrkja.

Rom for kvarandre

– Eg vil stå opp for det å kunne vere ueinig. Eg vil også vere tydeleg i det synet eg har hatt bestandig. Klårleik i kva vi meiner gir også rom for kvarandres syn, seier Kristin Gunleiksrud Raaum etter valsigeren.

Under avstemminga i Trondheim måndag fekk ho 64 stemmer, mens motkandidatane Harald Hegstad fekk 41 og Anne Enger 12 stemmer.

– Eg hadde svært gode motkandidatar. Det var ei ære å vere leiarkandidat saman med Anne Enger og Harald Hegstad, seier den nye «regjeringssjefen» i Kyrkjerådet.

Kvinner til topps

Kyrkjemøtet valde ytterlegare to kvinner i leiande posisjonar – Kristine Sandmæl (46) frå Asker som ny leiar i Mellomkyrkjeleg råd og Sara Kristine Eira (36) frå Kautokeino som ny leiar i Samisk kyrkjeråd.

I tillegg er Helga Haugland Byfuglien tidlegare valt som preses i Den norske kyrkje,leiar for biskopane. Den nyvalde kyrkjerådsleiaren sa dette om at alle dei fire mest sentrale leiarverva i kyrkja no er fylt av kvinner.

– Det synest eg er ganske naturleg. Kyrkjelege organ har tidlegare vore leidd av eit fleirtal av menn, eller berre menn. No er det fire kvinner. Slik er det. No big deal, tenkjer eg. Det skulle berre mangle, seier Gunleiksrud Raaum. (©NPK)

Til toppen