FOLKEMØTE: Måndag var det folkemøte i Aurland kommune om kommunesamanslåinga. Omlag 40 personar møtte opp på rådhuset. Foto: Camilla Skjær Brugrand. 
FOLKEMØTE: Måndag var det folkemøte i Aurland kommune om kommunesamanslåinga. Omlag 40 personar møtte opp på rådhuset. Foto: Camilla Skjær Brugrand. 

La fram dei to alternativa på folkemøte 

40 engasjerte personar møtte opp for å høyre om Aurland sine to moglegheitar i den kommande folkerøystninga om kommunereforma. 

Aurland: Måndag la ordførar Noralv Distad (H) fram dei to alternativa som befolkninga skal stemma over 23. mai. 

Aurland kommune har to var: Anten stå åleine eller slå seg saman med Voss og Vik. 

Les også: Aurland vil ikkje slåast saman med Årdal og Lærdal

Gode sider av begge alternativa

Aurland kommune har sendt ut brosjyrar til heile befolkninga om dei to alternativa, der dei positive sidene har blitt trekt fram. 

– Målet for kommunestyret er å styrka lokaldemokratiet og sikra gode og likeverdige tenester til innbyggjarane. Det er lova fleire oppgåver til dei større kommunane, seier Distad. 

Folkerøystinga skal skje 23. mai og ordføraren oppfordrar alle til å møte opp å stemme. Det vil kome eit endeleg vedtak i kommunestyret 16. juni og Fylkesmannen skal gi sin vurdering 1. oktover. 

Våren 2017 skal stortinget avgjerda saka. Ein eventuell ny kommune vil bli etablert frå 1. januar 2020. 

– Alternativet med å stå åleine eller slå oss saman med Voss og Vik er begge vurdert til å vera aktuelle og realistiske, seier Distad. 

Brosjyrane som folket har fått utdelt, listar ikkje opp for og imot argument. Her ser kommunen berre på moglegheitene ved dei to alternativa. 

For og imot 

Distad tok utgangspunktet i ein rapport frå Telemarksforskning, då han la fram fordelene og ulempene ved dei to alternativa. 

– Problemstillinga om me ønskjer å vera åleine er at me må kjøpa inn tenester og overlate desse til ikkje folkevalde, seier Distad. 

Eit anna moment i debatten vart kraftinntektene til Aurland kommune som årleg utgjer 100 millionar kroner. 

FOR OG IMOT: Ordførar Noralv Distad la fram alternativa for ei eventuell kommunesamanslåing under folkemøte i Aurland.
FOR OG IMOT: Ordførar Noralv Distad la fram alternativa for ei eventuell kommunesamanslåing under folkemøte i Aurland.

– Desse inntektene vil gå til den nye kommunen om me vel å slå oss saman. I intensjonsavtalen er det bestemt at 16 av desse millionane skal forvaltast i Aurland. I dag går 20 millionar kroner av kraftinntektene til fylkeskommunen, seier Distad. 

Han legg til at Aurland vil stå sterkt økonomisk åleine. Kommunen vil få eit eingongstilskot om dei vel å slå seg saman og ein årleg sum dei neste 20 åra. 

Større faglege miljø

Om Aurland vel å slå seg saman med Vik og Voss, vil innbyggjartalet bli omlag 20.000. Kommunesenteret vil bli lagt til Voss, noko som vil medføra at fleire av dei administrative stillingane i Aurland vil forsvinne ut av bygda. 

– Me må sjå på samfunnsutvikling, arealplanlegging, næringsutvikling, miljø og folketalsutvikling. Klarar med det me har sett som mål med eigne ressursar eller får me til den beste utviklinga saman med andre? spør Distad. 

På kompetansefronten står det mellom ein generell kompetanse, eller ein meir spesialisert, som ein får i ein større kommune. 

– I ein liten kommune har me kanskje ein eller to personar som er spesialiserte innan noko. Ein vil få eit større fagleg miljø i ein større kommune, seier Distad. 

Ufrivillig og frivillig liten

Staten merkar kommunar som anten frivillig eller ufrivillig liten basert på avstanden til eit større kommunesenter.

Om Leikanger vel å ikkje slå seg saman til ein storkommune i Sogn, vil dei til dømes bli merka som frivillig liten kommune og tapa på det i det nye inntektssystemet.

Aurland derimot, vil bli merka som ein ufrivillig liten kommune, grunna den lange avstanden til Voss sentrum. 

– Me vil ikkje tapa på det nye inntektssystemet om me vel å stå åleine. Dei fleste ufrivillig små kommunane vil få plussa på ein halv million i småkommunetilskot, men det er ikkje tilfelle i Aurland sidan me har så høg gjennomsnittsinntekt i utgangspunktet, forklarar Distad. 

 

 

Til toppen