FERSKE PLANAR: Slik ser båteigarlaget for seg at strandson på Lærdalsøyri kan utviklast. Alt som er innafor dei stipla linjene er omfatta av planane.
FERSKE PLANAR: Slik ser båteigarlaget for seg at strandson på Lærdalsøyri kan utviklast. Alt som er innafor dei stipla linjene er omfatta av planane. (Foto: Asplan Viak)

La fram store planar for strandsona på Lærdalsøyri

Ei ny molobrygge, turveg langs fjorden, ei skjerma badelagune og eit parkområde kan verta ein ny turistattraksjon i Lærdal. Onsdag presenterte båteigarlaget dei ferske planane for politikarane.

Lærdal: Utgangspunktet var eit ønskje om å sikra hamna mot ekstremvêr og bygga ut fasilitetane i småbåthamna. Men så byrja båteiagarlaget i Lærdal å tenka større.

– Ikkje alle ideane me kjem med er nye, mange av dei har vore lufta tidlegare. Men det er ingen som har fått dei skikkeleg ned på papiret, og samla dei til ein heilskap. Det har me no gjort og fått presentert her i dag, seier Odd Mikalsen i Lærdal båteigarlag.

SPENSTIG PRESENTASJON: Odd Mikalsen, leiar i Lærdal båteigarlag, presenterte planane for politikarane i kommunestyret onsdag. Foto:  Halvor Farsund Storvik

I kommunestyret onsdag presenterte han ein plan for utvikling av stransdsona i Lærdal, frå ferjeleiet til badelaguna på Lærdalsøyri. Planen har vorte utarbeida i samarbeid med Asplan Viak i Bergen.

Spenstige planar

Enno er planan ikkje heilt ferdig, det skjer først om to-tre veker. Det kan med andre ord koma endringar.

Men hovudlinjene i planen vil ligga fast, og er som følgjer:

  • Ei 100 meter lang brygge, som òg vil fungera som molo, med stupetårn, båtplassar og servicebygg.
  • Ein samanhengande turveg langs heile strandsona, inkludert inn til småbåthamna.
  • Eit grøntområde med sandvolleybane, leikeapparat og grillplass, som òg kan fungera som base for dei som badar.
  • Ei skjerma badelagune med sandstrand.
  • Ei promenadebrygge på sørsida av Habben og inn mot ferjeleiet.

Mikalsen meiner strandsona i Lærdal har eit stort uutnytta potensiale.

– Her er veldig mykje bra. Lærdal ferie- og fritidspark er kjempeflott, og me har gamle Lærdalsøyri. Men sjølve hamneområdet og strandsona er ikkje allverda å skryta av, seier han.

INNHALDSRIK: Her er det som kan karakteriserast som indrefileten i planen, med promenadebrygga til venstre, molobrygga midt i biletet, badelaguna og parkområdet nedst til venstre. Illustrasjon: Asplan Viak

Kan lokka fleire tilreisande

Han trur ei oppgradert strandsone vil gjera Lærdalsøyri meir attraktiv, både for fastbuande og tilreisande. Men Mikalsen ser òg planane i samanheng med andre som allereie har gjort liknande grep, som Vik, Aurland, Balestrand og Fjærland, og Årdal, som har planar om det same.

– Viss desse kommunane som ligg i midtre og indre Sogn satsar på å bygga ut fasilitetar ved hamneområda og i strandsona, og mange har allereie gjort det, så vil det gjennom god marknadsføring vera mogleg å få til meir besøk inn fjorden, trur Mikalsen.

For å finansiera moglegheitsstudien har båteigarlaget gått saman med Lærdal ferie- og fritidspark. Det største bidraget har likevel kome frå omstillingsstyret til Lærdal og Årdal og Lærdal næringsutvikling.

Mikalsen ser for seg at studien skal vera første trinnet i ein trestegsrakett, der eit forprosjekt og eit hovudprosjekt vert dei to neste.

Ordføraren er optimist

Vidare planlegging vil kosta pengar, pengar dei ikkje greier å hosta opp sjølve.

– Me har ikkje midlar til å setta i gang eit forprosjekt. Berre denne enkle saka her, har ikkje vore billeg. Her treng me at andre aktørar, til dømes kommunen, kjem på bana, seier Mikalsen.

Ordførar Jan Geir Solheim likte planane som vart presenterte. Han òg trur nøkkelen vidare blir å få båteigarlaget, kommunen og næringslivet til å dra lasset saman. 

– Eg trur me skal få det til, seier han.

Mikalsen har ikkje tal på kor mykje det vil kosta å faktisk realisera dei ambisiøse planane. Det vil først bli klart når dei startar opp forprosjektet.

– I denne fasen tenkjer me eigentleg ikkje pengar, me tenkjer berre idear, seier han.

Til toppen