SLIT MED MINUSTAL: Sportshuset i Øvre Årdal går i pluss, ellers slit Reidar Offerdal med å få fart på salet i dei andre butikkane han eig.
SLIT MED MINUSTAL: Sportshuset i Øvre Årdal går i pluss, ellers slit Reidar Offerdal med å få fart på salet i dei andre butikkane han eig. (Bilde: Truls Grane Sylvarnes)

La ned klesbutikk i fjor, no gir han skobutikken eitt år på å snu minustala

Reidar Offerdal har satsa stort på handel i Årdal, men slit med å få butikkane til å gå i pluss etter storinvesteringa i 2009.

Årdal: Butikkeigar Reidar Offerdal gir Sentrum Sko i Årdal eitt år til før han stenger dørene. Butikken har tapt pengar alle åra sidan starten i 2011.

– Dette er siste sjanse. Eg er pensjonist og kan ikkje bruka pensjonen min på å betala underskotet til ein skobutikk, seier Offerdal.

Berre sportsbutikken går i pluss

STENGTE DØRER: I fjor måtte Offerdal legga ned klesbutikken Sisters Point. Enno har det ikkje kome inn nye leigetakarar. Foto:  Synne Asheim Haga

Offerdal har satsa stort på handel. I samarbeid med kommunen sørga han for at det gamle samfunnshuset i sentrum av Øvre Årdal vart bygd ut med kulturhus og handelssenter i 2009.

Det var ei tung investering for butikkeigaren, ei investering han enno ikkje har fått full uttelling for.

– Det er det me har slite med her. Me har brukt kreftene på å nedbetala bygget, i staden for på butikkane, som me helst skulle ha gjort, seier han.

I dag eig og driv han dei tre butikkane Senter Sko, Sportshuset og ein barnebutikk, som alle held til på senteret. Berre Sportshuset går med overskot.

Offerdal eigde òg klesbutikken Sisters Point, fram til den måtte leggast ned i fjor.  

– Den gjekk veldig bra i mange år, men til slutt måtte me berre gje opp. Ungdomen slutta å handla der, og kjøper i staden berre på nett. Då vart det stopp, seier Offerdal.

TUNG INVESTERING: I samarbeid kommunen var Reidar Offerdal med på å bygga om og utvida det gamle samfunnshuset i sentrum i 2009. Årdalssenteret (til venstre bak i biletet) stod klart fem år seinare. Foto:  Synne Asheim Haga

Vil bli meir synlege for kundane

Når det gjeld skobutikken er han nøgd så lenge dei greier å få han til å gå i null. I eit siste forsøk på å få til det, vurderer Offerdal å flytta butikken innad på senteret så den får vindauge mot torget. Der står det i dag tomme lokale.

– Me veit at me har godt nok utval og gode prisar, men me får ikkje folk opp der. Me vil gjera nokre grep, så me får vist butikken betre fram. Me skulle ha gjort det for lenge sidan, seier Offerdal, og legg til at han håpar å få i stand flyttinga før julehandelen.

Etter flyttinga, håpar Offerdal å få inn leigetakarar så det ikkje blir ståande tom. Han vedgår at det ikkje alltid er like enkelt. I dag står to av lokala tomme.

– Me kan ikkje nedbetala byggjet utan husleige. Det går ikkje i all æva, seier han.

Til toppen