Lærdal: Dersom prøvane som skal takast av elva i haust viser ingen teikn til lakseparasitten Gyrodactylus salaris, vil elva endeleg vera friskmeld etter at parasitten vart påvist i 1996.
– Det får vera som det er med fisket. Det viktige er at elva er gyrofri. Det er det store spørsmålet no i haust, seier Lasse Sælthun.

For to veker sidan vart det tatt prøvar av elva. No ventar dei på svar på kva desse viser. Er dei negative, er det positivt, men det er først etter prøvane som skal takast i oktober at ein eventuelt kan spretta sjampanjen.
Svak sesong
Er dei prøvane negative òg, har elva vore gyrofri i fem år, som er kravet til myndigheitene før ein kan friskmelda ho.
– Det er jo det som er det store, og så får me heller leva med at det går litt opp og ned, seier han.
Årets fiske har ikkje vore av det beste. Til saman er det tatt rundt 875 fisk, der 640 er laks. Det positive er at det har vore meir sjøaure i elva.
– Årsaka kan vera skadeflaumen i 2014, og det kan stemma fordi det er mellomlaksen er lite av. Det gjekk nok med ein del yngel i den flaumen i Kuvelda med masseforlytning og sand i hølane. Det kan vera ein grunn utan at eg er heilt sikker.
Kan opna for nye fiskereglar

Men det viktige no er om elva blir friskmeld. I så fall ventar ein debatt på korleis fisket skal foregå i elva framover. I dag er det restriksjonar som seier at ein berre kan fiske med fluga til dømes.
– Fisketida vil også bli utvida noko. Det er noko me må ta opp med Fylkesmannen. Og så har ein dette med fang og slepp. Eg trur neppe me vil gå tilbake til full fangst, men me får sjå.
PS! I Årdal vert det meld om ein elendig sesong. Leiar i fiskeutvalet i Årdal Jeger- og fiskerforening, Svein Jarle Moen, seier til Porten.no at det er teke rundt 270 kilo med fisk. Han ber samstundes grunneigarar og andre som ikkje har rapportert inn fangsten sin om å gjera det innan to veker.