KRITISK: Terje Laberg i Årdal Utvikling utviste kritikk til næringslivet i Årdal som han meiner ikkje er flinke nok til å handle saman. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
KRITISK: Terje Laberg i Årdal Utvikling utviste kritikk til næringslivet i Årdal som han meiner ikkje er flinke nok til å handle saman. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Laberg sterkt kritisk til mangel på samhandling

Terje Laberg meiner årdøler, anten det er i næringslivet, kulturlivet eller i idretten, må bli flinkare til å snakke saman.

Det sa næringssjefen klart og tydeleg då han fekk ordet under årsmøtet til Årdal Næringssamskipnad måndag kveld. Laberg var ein av to som fekk taletid framføre mange næringslivsleiarar i bygda. 

Etter at Kristoffer Nystedt talte om sine planar i Utladalen fekk Laberg moglegheita til å snakke om Årdal Utvikling sine planar og status.

Feil haldningar

Der ramsa han opp ulike prosjekt som har gått i vasken før han kjem til Sogn Opplæringskontor, som har blitt ei suksesshistorie. Men Laberg er ikkje nøgd med haldningane som verserer i bygda og ber no næringslivsleiarar om å bli betre på samhandling.

– I diskusjonen som var med Sogn Opplæringskontor, så var ei av haldningane at den vidaregåande skulen var noko drit, at lærarane var iallfall noko drit og elevane var håplause, så lærlingar? Gløym det. Å ha slike haldningar der næringslivsleiarar går ut og frontar dette så sterkt og plantar dette inn i eit lokalsamfunn, er enormt skadeleg, seier han. 

– Då er det morosamt når me ser bedrifter som kjem for å vera med og ser den langsiktige verdien av å investera i lærlingar. Og så ser me at me sakte, men sikkert får til noko positivt mellom bedrifter. Indirekte er lærlingordninga i dag det beste argumentet for å behalde vidaregåande i Årdal fordi me har lykkast med samhandling mellom skule og næringsliv. Dette er eit døme på at samhandling løner seg.

Ta utfordringa saman

Men det er ikkje berre i næringslivet ein ikkje har lykkast godt nok med samhandlinga, meiner Laberg, som også peikar på lag og organisasjonar i kulturlivet og idretten som ikkje klarar å bli einige.

– Eg vil påstå at Årdal ikkje har vore flinke nok på dette. Dei er rett og slett dårlege. Og når ein i tillegg får kampen mellom Øvre Årdal og Årdalstangen oppå alt dette, kan me få mageverk alle saman, seier han og peikar på Sogndal som ein kommune som gjer dei rette tinga.

– Dette er noko de må ta til dykk, politikarane må ta til seg, og me som jobbar med dette må ta til oss. Dette er ei utfordring me må ta ilag.

Kritisk til rolleblanding

Den siste tida har Laberg måtta tole kritikk frå fleire hald fordi han i tillegg til rolla som næringssjef sit som styreleiar i Klingenberg Hotell og Årdalsnett. Måndag nytta han sjansen til å slå tilbake mot kritikken.

– Eg ser at eg blir førstesideoppslag ufrivillig. Då går det sjølvsagt i liten grad på om jobben eg gjer er dårleg, men heller på noko så voldsomt som manglande tillit. Mistenkeleggjering. Er du kriminell? Er det noko muffens her? 

– Og så prøver ein å få konkretisert det, og då er det ingen som vil seia noko og ingen som vil møta deg. Eg fekk ein telefon fredag kveld, der vedkommande spurte om det er tilfelle at Årdal Utvikling har bestemt at butikk x skal flytta til Øvre. At me har drukna dagleg leiar i pengar for å flytta til Øvre. For det hadde dei frå sikre kjelder. Årdal Utvikling veit ikkje kvifor ein butikkeigar flyttar frå den eine plassen til den andre. Det gjer dei utan å snakka med oss. Me bestemmer ikkje kor bedriftene skal bu, understrekar han. 

– Skjelt ut etter notar

Næringssjefen peikar vidare på at dette negative «slarvet og mistenkeleggjeringa» blir krydra og fora av næringslivsleiarar i Årdal.

– Som sit på Torget og sprer desse løgnene om oss, om meg som person og alle som måtte vera i Årdal Utvikling. Kva er motivet? Her er mi utfordring til dykk. Det er greitt at de er misnøgde med meg som leiar for Årdal Utvikling, men ver så snill, lat oss ta det i eit møte på ein ordentleg måte.

– Det er ei sak eg har fått kjeft for, og det er ikkje ein gong i året. Kvar gong eg møter på ein person på butikken eller kva det måtte vera blir eg utskjelt etter notar. Kva slags oppførsel er det?

– Samhandling må koma på plass, og skal de samhandla med Årdal Utvikling og ha påverknad på dei planane me snakkar om, så må det skje ein form for prosess, der de er med, men det må vera på ein ryddig måte. Argumentasjonen må komma i møtet, ikkje etterpå. Det er noko me nesten må forlanga av næringslivsleiarar.

Til toppen