Ladar opp til jul med julemarknad

Ladar opp til jul med julemarknad

I helga lyser sentrum i Lærdal opp når julemarknaden vert arrangert for andre gong.

Då marknaden debuterte i fjor, var det med stor suksess og har gitt Foreninga Lærdalsmarknaden meirsmak på å prøve igjen i år. 

Mellom lyssette hus på Gamle Lærdalsøyri, eit arbeid som blei gjort denne veka, kan seljarar og kundar, eller berre skodelystne møtast for å starta oppbyggjinga av julestemninga.

Fredag vert den tradisjonelle julegata tent, og dessutan vert sentrale bygg på Gamle Lærdalsøyri lyssett, slik dei vart i fjor, i kjend tysk stil. 

Laurdag og søndag er bodene opne, og her tilbyr dei eit godt utval innan bakst, fiske- og kjøtmat, mat til å nyte eller gåver ein kan gi vekk. 

– Smaken av Sogn vil bli merkbar. Ein kan òg kjøpe andre kvalitetsvarer frå regionen til både gåver og eiga nytte, skriv Jon E. Tamnes i pressemeldinga.

– For dei som kjenner trong for andeleg føde vil det bli ei kort juleandakt på fredagskvelden, og andre kulturinnslag vil òg setje fart på julestemninga under heile helga.

Nytt av året er at utstillarar får høve til å stå i kulturhuset også, der dei garanterer for snøfri handel.

Korleis blir vêret der du bur i helga? Det kan du alltid sjekke på Porten.nos vêrsider. 

Til toppen