KONTAKTA SENTRALE POLITIKARAR: Ei endring av eigedomsskatten vil få enorme konsekvensar i millionklassen for Årdal kommune. Difor har ordførar Arild Ingar Lægreid teke kontakt med sentrale Ap-politikarar i håp om at dei kan bidra i kampen mot endringa. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
KONTAKTA SENTRALE POLITIKARAR: Ei endring av eigedomsskatten vil få enorme konsekvensar i millionklassen for Årdal kommune. Difor har ordførar Arild Ingar Lægreid teke kontakt med sentrale Ap-politikarar i håp om at dei kan bidra i kampen mot endringa. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Lægreid har kontakta Giske og Støre over eigedomsskatten

Arild Ingar Lægreid (Ap) har kontakta sentrale Ap-politikarar for å dela sitt syn på endringane i eigedomsskatten.

Årdal: Finansdepartementet sendte i sommar ut på høyring eit forslag om å endra reglane for eigedomsskatt på arbeidsmaskiner i verk og bruk. 

For Årdals del er det snakk om 20 til 23 millionar kroner i inntekter som forsvinn dersom dette forslaget går gjennom.

Les også: Kutt i maskinskatt vil kosta kommunane dyrt

Ordførar Arild Ingar Lægreid (Ap) informerte formannskapet torsdag at han har kontakta Trond Giske og Jonas Gahr Støre for å gjera det kjend kva kommunen synest om dette.

Provoserande

I høyringsuttalen frå Årdal kommune er beskjeden klar: «Formannskapet i Årdal finn det provoserande at finansdepartementet utan varsel, eller utan at det er meldt verken i revidert budsjett eller i kommuneproposisjonen, sender endringsframlegget på høyring.»

– Dette har voldsom betydning for Årdal. Me snakkar fort 50 arbeidsplassar i kommunal sektor, seier Hilmar Høl (Ap).

Les også: Skatteframlegg frå regjeringa kan kosta industrikommunane dyrt

Finansdepartementet skisserer to alternativ, der ein i det første fritek produksjonsutstyr og installasjonar for eigedomsskatt, men beheld verk og bruk som eit sjølvstendig utskrivingsalternativ.

Slag i tryne

I alternativ to fjernar ein verk og bruk som ein eigen kategori i eigedomsskatten og gjer framlegg om at desse anlegga vert skattelagt som næringseigedommar. For Årdals del er begge alternativ like håplause. 

– Dette er ikkje berre ein enkel måte å hausta eigedomsskatt på for kommunane. Det er eit ulempetilskot for det du har vore med å byggja opp. Kommunane som ligg under dette, er velvillige til å byggja meir kraftverk og industri, og no får dei seg ein skikkeleg på tryne i juni månad.

– Det er ein lovpolitikk som styrer meir midlar vekk frå det grunnlaget kommunane har og inn i ei anna gruppe, held Høl fram.

Konsekvensar for tenester

Vidare i høyringsuttalen som formannskapet vedtok å senda til Finansdepartementet heiter det at framlegget bryt med ein meir enn hundre års praksis og regelverk og med Sunvoldenerklæringa om å styrke kommunane sin økonomi.

Der blir det tydeleg peika på at dette vil få store konsekvensar for Årdal kommune, som allereie i dag slit økonomisk og ikkje kjem ut av Robek-lista før neste år er omme. 

Det betyr at dersom dette lovforslaget går gjennom, vil det få store konsekvensar for tenestene i Årdal.

– No har det kome signal frå dei to støttepartia om at dei går imot, men det blir sannsynlegvis sett ned ei lovgruppe som skal sjå på dette. Rådmann må gjera det klart at dette ikkje er over. Det er grunn til å tru at dei kjem til å laga ei innretning som også kjem til å råka oss, åtvara Olve Fossedal i formannskapsmøtet. 

Til toppen