GIR TILSKOT: Torbjørn Røe Isaksen (H) og regjeringa gir 320 millionar kroner som skal fordelast på alle kommunar i landet. Foto: Flickr/Justis- og beredskapsdepartementet.
GIR TILSKOT: Torbjørn Røe Isaksen (H) og regjeringa gir 320 millionar kroner som skal fordelast på alle kommunar i landet. Foto: Flickr/Justis- og beredskapsdepartementet. (Foto: Arkiv)

Lærar-tilskot til kommunane

Frå hausten får alle kommunar tilskot til å tilsetja fleire lærarar på 1. til 4. trinn.

Årdal/Lærdal: Totalt er det sett av 800 millionar kroner i 2016 til eit lærarløft over heile landet for dei yngste elevane. 

I budsjettforliket blei KrF, Venstre, FrP og Høgre samde om å gi ytterlegare 320 millionar kroner til fleire lærarar på barnetrinnet. Desse nye midlane kjem i tillegg til dei 370 millionane som i fjor blei fordelt på 100 kommunar. 

– Det viktigaste målet for regjeringa sin skulepolitikk er at elevane skal læra meir. I dag går altfor mange elevar ut av ungdomsskulen utan å kunne rekna og lesa godt nok. Med auka lærartettleik på 1. til 4. trinn styrkar me tidleg innsats i skulen, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen i ei pressemelding.

Frå 1. august får kommunar øyremerkte midlar til å tilsetja fleire lærarar på desse trinna. Frå 2017 vil alle midlar til auka lærartettleik bli fordelt jamnt over heile landet etter delkostnadsnøkkelen for grunnskulen.

Årdal får 637 538 kroner, medan Lærdal får 313 411 kroner som er øyremerkt tilsetjing av lærarar. 

Til toppen