Årdal: – Alt har gått på skjener. Og det har vore triveleg. Det er eit fint yrke, dette, og no veit eg at eg har valt riktig jobb for framtida, seier lærarstudent i Sogndal, Ole Kristian Felde frå Byrkjelo.
Felde har vore ein av tre student-lærarar for klasse 10a dei siste tre vekene. Han har undervist i matte, gymnastikk, naturfag, tysk og kunst og handverk. Matte og gym er faga som han alt har studiekompetanse i.

Såg at han ynskjer å ha eit fag der litt meir drøftingar inngår òg

I kunst og handverk og i tysk fekk Felde eit opplegg frå læraren å fylgja, og såg til at skuletimane gjekk greitt føre seg og at elevane jobba.
I naturfag laga han sitt eige undervisningsopplegg, trass i at han ikkje har studert faget på høgskulen enno.
– Eg likte det veldig godt. Me gjekk gjennom to kapittel, eitt om det «svarte gullet» og eitt om fornybar energi.
Felde hugsa ein del frå vidaregåande skule, og las seg opp i forkant av timane slik at han møtte budd.
– Det var veldig kjekt å undervisa i naturfag. Ungdomane argumenterer, ser samanhengar og er dyktige til å dra parallellar, seier Felde.

No ynskjer han å studera naturfag siste året i utdanninga si. I tillegg til matematikk og gymnastikk ynskjer han å ha eit slikt fag der lærar og elevar kan drøfta tema saman i somme av kapitla.
– Elevane er reflekterte, seier Felde, som etter desse vekene kjenner seg styrkt i vissa om at han vil verta lærar.
Sjølv om han er veldig glad i studiet på høgskulen i Sogndal, fortel han at han no ser fram til han skal ut i jobb.