Lærdal Ap 100 år – ein arv å ta vare på
meiningar
meiningar

Lærdal Ap 100 år – ein arv å ta vare på

«Dette viser kor viktig det har vore for partiet å kjempe for småkårsfolket sine levekår, for gamle og arbeidslause si velferd og like rettar for folk flest.»

  • Endret

Arbeidarrørsla har stått sterkt i Lærdal heilt sidan Markus Thrane si tid, og i år fyller Lærdal Arbeidarparti 100 år. Me har fått samla den 100 år lange historia mellom to permar, ei historie som fortel oss korleis den organiserte arbeidarrørsla var med på å påverka kva prinsipp og retningsliner som skulle ligge til grunn for kommunepolitikken og levekåra for innbyggjarane våre. 

Pionerane var arbeidarar, småbrukarar, lærarar og ulike slags handverkarar. Dei var eldsjeler og politiske leiarar som makta å skape oppslutnad om nye politiske tiltak i kommunen. Dei var folk som såg kor nødvendig det var at arbeidsfolk gjekk saman for å bygge eit samfunn med like levekår for alle. Rettferd og likskap har vore eit grunntema frå fyrste stund.  I kommuneprogrammet for valperioden 1925 – 1928  står m.a å lese:

  • ”Rettferdig fordeling av kommuneskatten,  
  • God behandling av trengende gamle og arbeidsudyiktige
  • Fortsatt utvikling av bygdens folkeskole. Fritt skolmaeriell.
  • Fortsette med: å gi trygd for billig laan til hus og jord. Om det blir høve til det, skal  kommunen kjøpe jord, samt fullt utnytte si gjenkjøpsrett til jord for saa aa overlate den til jordløse i bygden – uten nogen fordel.
  • All Samvikebevegelse støttes
  • Arbeide for aa sikre bygdefolket deres jaktrettigheter i fjellet”

Dette viser kor viktig det har vore for partiet å kjempe for småkårsfolket sine levekår, for gamle og arbeidslause si velferd og like rettar for folk flest. Det er dette som alltid har vore og skal vere arbeidarrørsla sine grunnverdiar. Me har mykje å takke våre pionerar for. Me har ein arv å ta vare på.  

I morgon er det 1. mai, den internasjonale kamp- og festdagen for arbeidarane, og me skal gå under parolen  ”Trygge jobbar for framtida – styrk arbeidsmiljølova”.  Dette fordi den ”blå-blå” regjeringa, systematisk, er i ferd med å ”plukka” på rettane for vanlege arbeidsfolk.  Dei har svekka Arbeidsmiljølova, ein av grunnpilarane i arbeidslivet.  Skal me ta vare på arven etter pionerane våre, har me mykje å kjempe for. Me vil ikkje at regjeringa,  bit for bit, skal få rokke ved velferdsgoda våre. Me vil ikkje at dei gjennom sin storstila sentraliserings-tsunami skal få rasera distrikta våre, og gjere oss utrygge på framtida. 

For vår felles framtid, og i respekt for arbeidarpartiet sine pionerar, finn me oss ikkje i dette. Arbeiderpartiet vil ta heile landet i bruk – og me vil ta att det gamle slagordet ”by og land – hand i hand”.  Eg skal gå i 1. mai-tog med rak rygg og synga våre kampsongar meir enn nokon gong i år. Eg oppmodar alle som kjempar for distrikta å gjere det same.

Gode kameratar !

Ha ein strålande  1. mai 

Til toppen