KOMMUNEVAL: Kåre Mentz Lysne, førstekandidat for Lærdal Arbeidarparti. Foto: Ina Eirin Eliassen
KOMMUNEVAL: Kåre Mentz Lysne, førstekandidat for Lærdal Arbeidarparti. Foto: Ina Eirin Eliassen

Lærdal Arbeidarparti om eigen politikk

Bli betre kjend med Lærdal Arbeidarparti og kva førstekandidat Kåre Mentz Lysne (54) meiner er viktig for dei fire neste åra. 

Alle dei fem partia som stiller liste i Lærdal har fått sjansen til å fortelja kva dei meiner er viktigast inn mot valet. Det er ordførarkandidaten i kvart av partia som har svara på spørsmåla. 

 

 – Kva er den største utfordringa i Lærdal dei neste fire åra?

Den største utfordringa for Lærdal neste periode vil å være å få til ein sunn og berekraftig kommuneøkonomi, få etablert fleire arbeidsplassar, ferdigstille ein framtidsretta skulebruksplan og å arbeide vidare med kommunereforma.

– Kva er dei viktigaste grepa for å betre kommuneøkonomien?

Det viktigaste verkemiddelet er at me i Ap vil ha klarare politisk styring og prioriteringar. For det første må mest mogleg av dei kommunale ressursane gå til tenesteproduksjon, som gagnar alle innbyggjarane i kommunen gjennom heile livsløpet. Me vil ha ein liten, men effektiv sentraladministrasjon. Om naudsynt vil me innføre eit tidsrom med stillingstopp. Me vil også vurdere delegasjonsreglementet internt i kommunen. 

Det blir viktig å få auka busetnaden i kommunen og få fleire arbeidsplassar gjennom eit aktivt næringsarbeid i samarbeide med det lokale næringslivet (Lærdal Næringsutvikling AS og reiselivet). Med dette aukar skatteinntektene. Samstundes vil me arbeide for å vidareutvikle inntektene frå kraftproduksjonen i Lærdal, mellom anna gjennom utvikling av Okken Kraft Lærdal KF.

I utgangspunktet har Lærdal Ap sagt nei til eigedomskatt. Likevel veit me jo ikkje kva regjeringa finn på av rammetilhøve til kommunane. Det kan koma endringar får sentralt hold som kan gjere at me blir "tvinga" til eigedomskatt på bustader og fritidsbustader, ikkje berre på verk og bruk slik me har i dag. Men i utgangspunktet har me så store kraftinntekter i kommunen, så med rett prioritering meiner me i Ap at me skal ha plass til dei tenestene me meiner me skal ha. 

– Kva vil ditt parti gjennomføra av investeringar?

Det som må ha første prioritet er investeringar som gjelder liv og helse for innbyggarane våre. Me må få på plass naudsynt elveførebygging mot flaum og ferdigstilling av brannsikring av gamle Øyri. Me må vera budd på klimaendringar i framtida, noko som må synast i investeringane i neste periode. 

Prosjekt rundt tettstadutvikling er spennande og vil krevje framtidige investeringar. Ut over dette er det svært viktig å få på plass næringsarealet i Håbakken, noko som vil være ein klar føresetnad for den vidare utviklinga i Lærdal. I tillegg må investeringane for eit nytt vassverk på Hauge kome i gang, eit prosjekt som har teke svært lang tid.

Kva investeringar som blir naudsynt innan oppvekstsektoren vil bli nærare avklara når skulebruksplanen er ferdig handsama,  men satsing på dei unge skal ikkje være eit salderingspunkt. 

For at me skal få auka busetnaden i Lærdal så meinar me at kommunen aktivt må væra med på å bygge gjennomgangsbustadar, samt arbeide vidare med alternativ for fleire sentrumsnære tomter på Øyri.

– Kva tiltak må til for at bedrifter etablerer seg her og blir verande?

Me vil ha lett tilgjengeleg næringsareal, som Håbakken. Me må få til ny/meir aktivitet i Lerum-bygget på Øyri og fleire offentlege arbeidsplassar knytt til Kiwi-bygget. Me vil nytte Lærdal næringsutvikling AS aktivt til å fremje næringslivet i kommunen og støtte opp om den profesjonaliseringa som pågår. Kommunen skal vera aktiv med dei verkemiddel ein har. Det er også særs viktig at kommunen har ein god dialog med etablerte bedrifter i kommunen for at desse skal kunne få utvikla seg vidare.

Kommunen må ha eit godt omdømme. Openheit rundt alle prosessar, og rundt politikarar og kommunale leiarar sin habilitet og eigarinteresser. Me må inn i kommunestyret sitt styrevervregister.

Gode kommunale tenester som barnehage, skule, kulturtilbod med fleire, er viktig for at nye bedrifter vil etablerast og folk flytte til bygda.

– Korleis vil ditt parti bidra til å rekruttere kompetanse til kommunen?

Lærdal kommune må bli ei endå meir attraktiv bygd å busetta seg i. Me må utvikle vidare dei kompetansearbeidsplassane me alt har, til dømes innanfor både sjukehus, jordbruk og entreprenørverksemder, i tillegg til å få ungdom til å utdanne seg i desse retningane. Tiltak for å nå dette er til dømes gjennomgangsbustadar, attraktive tomter, god barnehage/skule med eit godt omdømme og gode fritidstilbod. Me må legge meir til rette for unge gründerar som ynskjer å få til noko og nytte den kompetansen som er i heile Sogn, som til dømes Campus Sogndal. Eit hovudmål for oss er derfor at lærdøler som har reist ut for å gå på skule, arbeide og har fått seg livserfaring, kjem heim. Lærdal Arbeidarparti vil væra ein garantist for ein ansvarleg arbeidsgjevarpolitikk.

– Kva vil ditt parti gjere for å sikre vekst og arbeidsplassar innan næringsliv og turisme?

Når det gjelder reiselivet spesielt så er det fortsatt eit potensiale i å få fleire heilårsarbeidsplassar innan reiseliv, og vidare satsing på vinterturisme. Me i Ap vil samarbeide med aktørane i reiselivet, og stimulere dei til meir felles samarbeid, og komme fram til gode løysingar. Her kan me læra av Lærdal Grønt. Reiselivet er og skal i framtida være eit satsingsområde for kommunen, me er ein reiselivskommune.

– Korleis vil de sikre gode kår innanfor landbruket?

Lærdal Ap vil støtte opp om den kontinuerlege omstillinga som er i jordbruket i Lærdal, som innovasjon og produktutvikling. Lærdal Grønt er ei føregangsbedrift i denne samanheng og har på ein imponerande måte vorte ein stor og viktig aktør i landbruksmarkedet. Her er det potensiale for enda meir vekst.

– Kva vil ditt parti gjere for å sørge for utvikling og busetting i heile kommunen?

Lærdal AP er oppteken av å ha levande grender. Det er derfor viktig at me heile tida har tilgjengelege bustadtomter, støttar opp om nærbutikkane på Ljøsne og Borgund, og har samlingspunkt i grendene. Skulane har i alle år vore eit samlingspunkt, me vil derfor arbeide vidare med ei løysing der ein har oppvekstsenter både på Borgund, Ljøsne og Øyri.

– Korleis kan de som parti sikre ei levande bygd også om vinteren?

Lærdal er alt ei svært så levande bygd på sommarstid. Det er derfor viktig å støtte opp om dei arrangement som alt pågår. Vinteren har diverre i alle år vore ei svært roleg tid i Lærdal. Me i Ap meinar at det er potensiale i å endra dette. Ut over dei to arrangementa Julemarknad og Veterancup i fotball, skjer det lite. Saman med reiselivet vil me sjå på potensiale for auka vinterturisme, noko som er eit spennande område.

– Ein har vedteke ein plan for å oppgradere og satsa på gamle Lærdalsøyri. Korleis vil de som parti jobbe for det?

Det første som må på plass er at ein blir ferdig med naudsynt brannsikring, og me må støtta opp om tettstadsprosjektet, det er viktig. Kommunen må ta ansvar for sine eigne bygningar, og ein må utarbeida ein plan for gatemiljøet der ein sett krav til huseigarane i området. Gamle Lærdalsøyri er indrefileen i Lærdal, me må då få liv i butikkane, fortsette med dei etablerte marknadane og stimulere dei som ynskjer å få til aktivitet. Dei må ikkje bli møtt med eit – nei det går ikkje. Det skal sjå skikkeleg ut på gamle Øyri, kanskje må me også tenkje nytt. Her handlar det å få idear over på investeringar, slik at ein får ting gjort.

– Korleis vil de jobba for barn og unge?

Borna er i sentrum for Lærdal Ap, der er dei som skal føre samfunnet vårt vidare. Difor er det ekstremt viktig å satse på neste generasjon. Lærdal AP vil arbeide for full barnehagedekning, der ein til ein kvar tid har fleksible plassar. Me vil vera blant dei beste på skule, auka lærartettleiken med eit to pedagog system der lærarane skal få høve til å væra mest mogleg tilstades. Fysisk aktivitet og frukt/mat i skulen vil me jobba for i tillegg til leksehjelp til barn som treng det frå 2. skuletrinn. Det skal også vera nulltolleranse for mobbing. 

Me må styrke kulturbudsjettet med midlar til musikklivet i kommunen. Både idrettslaget og andre frivillige organisasjonar skal ha gode rammer for å arbeide med barn og ungdom. Me vil vidareutvikle Kosen ungdomsklubb, der me vurderer ei alternativ plassering. Så gjeld det å få opp att Lærdal ungdomsråd, som ikkje har vore i aktivitet dei fire siste åra. 

– Kva alternativ til skulestruktur ser de på som den beste?

Dette har Lærdal Ap diskutert grundig. Me vil arbeide vidare for tre oppvekstsenter i kommunen, på Øyri, Ljøsne og Borgund. Skulen er ein viktig institusjon og samlepunkt i grendene våre og me ønskjer levande grender. Innhald og utforming av skulebruksplanen må utformast i den kommande prosess. Ap er open for konstruktive innspel i høyringsrunden no i haust. Me skal ha respekt for den høyring som kjem.

– Korleis vil partiet få unge til å bli eller kome heim att til Lærdal, samstundes som andre flyttar hit? 

Som nemnt er arbeidsplassar viktig, ikkje berre i Lærdal men også i nabokommunane. Det er mange som bur i Lærdal i dag som pendlar til arbeide både i Aurland, Årdal og Sogndal. Det er difor særs viktig å støtte opp om heile regionen sine arbeidsplassar. 

For at dei unge skal kome heim att så er det viktig med bustad, skule/barnehage med godt omdømme og fritidstilbod som er attraktive og varierte. Me mao bli meir rause med kvarandre. Det mao væra lov å lykkast og væra god. I tillegg vil me ha meir aktivitet i kulturhuset. Alt dette er punkt som er sentralt i vår politikk.

– Har de tankar om framtidig løysing for kulturhuset, slik at besøkstal og aktivitet aukar?

Det første som må på plass er ei endeleg organisering og drift av kulturhuset, villakssenteret, turistkontor og galleri. Når endeleg organisering er klar, må kommunen vera sterkt involvert slik at ein kan arbeide mykje betre med innhaldet i kulturdelen. Det er eit stort potensiale i å utvida denne aktiviteten, spesielt i vinterhalvåret.

– Kva vil de gjere for eldre og menneske med spesielle behov?

Det er viktig å utvikla dagtilboda vidare med det me no har starta opp ved Doktorheimen. Lærdal Ap er ein garantist for dette. I tillegg vil me arbeida for å styrka avlastningstilbodet for familiar med tyngande omsorgsoppgåver. Dei som har det vanskelegast av våre innbyggarar skal bli høyrt. Me vil også ha vidareutvikling av Lærdal frivilligsentral.

– Lærdal hadde ein gong slagordet «Den grøne kommunen». Korleis vil Ap jobbe for grøne og miljøvennlige løysingar?

Me vil fornye slagordet «Lærdal den grøne kommune» til fleire område. Me må etablere ladestasjonar for elbilar og nytte desse i den kommunale verksemda. Lærdal må haldast reint, då det i dag ligg boss over alt på vegane i kommunen noko som er ein skam ein må rydde opp i. Me må slå ned på visuell forureining oppover dalen og ha ein plan for planting og grøne områder i tettbygde område. Kommunen har ein unik natur me må ta vare på. Neste generasjonar skal også få sjå fossar i fritt fall. Til sist vil me flytte og utvide miljøstasjonen til SIMAS og eventuelt flytte den til Håbakken. Det vidare arbeidet med reguleringsplan må avklare dette. Me likar ikkje plassering i tilknyting til bustadområdet og verneområdet på Øyri.

– Kommunen har sagt ja til busetting av flykningar - kva vil Ap gjere for å sikre integrering og busetting i kommunen?

Me må etablere gjennomgangsbustadar også for våre nye landsmenn. Her må kommunen ta styringa, då det ikkje er eit stort nok privat marknad i Lærdal. Det er viktig at våre nye landsmenn ikkje bur samla, tett og isolert i bueiningar. For å få integrering må ein ut for å treffa kvarandre. Det må også vera fokus på norskopplæring og inkludering i samfunnet.

– Kommunereforma, kva alternativ passar Lærdal best og kva vil Ap jobba for? 

Målet må vera å velja det alternativet som gagnar innbyggarane best, dette er ei viktig sak for framtida vår. Me skal ikkje ha dårlegare tenester. I partiet har me ulike meiningar om kommunereforma, noko me skal respektere. I utgangspunktet ønskjer me å stå åleine, men rammetilhøva kan bli slik at me blir tvinga inn i ei samanslåing. Me er oppteken at me skal få ein objektiv og god utgreiing av dei tre alternativa. Åleine, saman med Årdal og Aurland, eller storkommune i Indre Sogn.

Me er også klare på at innbyggarane må få bestemma kva som er det beste alternativet. Difor går me for ei bindande folkerøysting, når alle fakta er på bordet. Utgreiinga er ferdig 1. desember, så må me bruka den tida me treng. Det er ikkje sikkert me er klare i Lærdal til å ta ei avgjerd til 1. juli neste år. Me er jo også avhengig av at andre vil samarbeida med oss, me har høg gjeld, me kom dårleg ut på kommunebarometeret, kanskje ingen vil ha oss. Me må bruka den tida me treng og det skal vera frivillig. Det meiner Ap både sentralt og ned på lokalnivå. Det blir spennande å sjå. 

– Kva tankar har du om at du kan vera den siste ordføraren i Lærdal?

Eg har ikkje så mykje fokus på det, det som er viktige er at me får til eit godt samfunn, anten som eigen kommune eller som ein samanslått kommune for framtidige generasjonar.

Til toppen