STØRST OPPSLUTNING: Lærdal Arbeiderparti fekk 42,7 prosent av stemmene etter at 29 prosent av dei var talt opp. Ap sin ordførarkandidat Audun Mo, er glad for stemmene so langt.
STØRST OPPSLUTNING: Lærdal Arbeiderparti fekk 42,7 prosent av stemmene etter at 29 prosent av dei var talt opp. Ap sin ordførarkandidat Audun Mo, er glad for stemmene so langt. (Foto: Lærdal Arbeidarparti)

KOMMUNEVALET 2019

Lærdal Ap fekk fleirtal og ordføraren, Mo: - Rørt og audmjuk

Arbeidarpartiet gjorde eit brakval i Lærdal.

Lærdal: Allereie i valdagens første måling var Lærdal Arbeidarparti sterke, og rett før klokka 23 vart det avgjort. Ap fekk 49,2 prosent av stemmene. 

Det er ein endring på 19,1 prosent frå førre val i 2015. 

Senterpartiet og sitjande ordførar Jan Geir Solheim gjekk tilbake med heile -18 prosent, og enda med ein oppslutning på 28,4 prosent. 

–  Me er sjølvsagt veldig glade, det er eit veldig bra resultat. Betre enn me hadde sett føre oss. Me er både rørte og audmjuke, seier Audun Mo, den neste ordføraren i Lærdal. 

– No kan du kalla deg den neste ordføraren i Lærdal. Kva tenkjer du om det? 

– Det er ei vanvittig stor æra. Eg må prøva å gjera det beste ut av det. Eg får ei bratt læringskurve, seier den ferske ordføraren lattermildt.

Størst i første måling

I målinga som kom klokka 21, fekk Arbeidarpartiet ein oppslutning på heile 42,7 prosent, ein endring på 12,6 prosent sidan førre kommune- og fylkesval i 2015.

Dette etter at 29 prosent av førehandsrøystene var talt opp. 

– Me er veldig glade for det. Det er litt tidleg enno, seier ein optimistisk ordførarkandidat, Audun Mo, til Porten.no. 

Senterpartiet, som har sitjande ordførar Jan Geir Solheim, fekk oppslutning på 32,0 prosent, ein endring på 14,4 prosent frå førre val.

Til toppen