FORSVARTE POKALEN: Lærdal forsvarte Rikheim Cup-pokalen mot Årdal med blant anna Petter Lossius (biletet) på laget. Dette var andre året på rad lærdølene vann. Arkivfoto: Kristoffer Øygarden Fretland.
FORSVARTE POKALEN: Lærdal forsvarte Rikheim Cup-pokalen mot Årdal med blant anna Petter Lossius (biletet) på laget. Dette var andre året på rad lærdølene vann. Arkivfoto: Kristoffer Øygarden Fretland.

Lærdal beheld Rikheim Cup-pokalen eit år til

Lærdølene gjekk sigrande ut av den lokale golfduellen mot årdølene.

Lærdal/Årdal: Lærdal forsvarte sigeren frå i fjor og får behalde Rikheim Cup-pokalen endå eit år. Det er klart etter helgas møte mellom dei to laga.

Lærdølene vann med 15,5 poeng mot Årdal, som fekk 4,5 poeng. Dette er andre året på rad at Lærdal går sigrande ut av denne duellen.

Ifølgje Lærdal Golfklubb si heimeside gjekk matchane før seg slik:

Fourball: Lærdal 5.0 – Årdal 0.0
Foursome: Lærdal 3.5 – Årdal 1.5 (ein siger, ein delt)
Singlematchar: Lærdal 7.0 – Årdal 3.0

Etter ni år med dominans frå Årdal, kan ting tyda på at trenden er på veg å snu etter som Lærdal har vunne dei to siste åra. Lærdal vann også dei fire første åra, noko som gjer at samanlagtstillinga er på 9-6 i favør Årdal.

– Oddmund Bøe har siste to åra hatt stor suksess som Lærdal sin Captain. Han starta som Captain i 2011, og det tok tre år før Lærdal tok føringa i Rikheim Cup. I 2014 vann Lærdal med minst morleg margin, men i 2015 var tala mykje endra.

– Lærdal har hatt éin høgare sigers-score enn i 2015, det var 17.5 mot 6.5, men den gongen var det to lag med tolv spelarar kvar, mot ti spelarar no. Tek ein det med, så var resultat i 2015 sterkaste score nokon sinne, skriv golfklubben på si heimeside.

Desse representerte Lærdal: Per Arve Paulsen, Johanne Gjesdal Mo, Mats Karlsson, Tore Gjerdalen, Petter Lossius, Odd Inge Mo, Ivar Otto Rikheim, Jan Ryde, Oddmund Bøe (Captain), Didde Gjerde.

Desse representerte Årdal: Johann Traustasson, Trond Eirik Jentoftsen, Geir Kjetil Øvstetun, Per Olav Lerøy, Henry Lindesteg, Ståle Øvstetun, Oddvar Aalen, Sturla Berg, Matias Øvstetun, Are Indrelid (Captain).

Til toppen