PARKMØTE: Tysdag var styret i stiftinga Nærøyfjorden Verdsarvpark samla på Fretheim Hotell i Flåm for å diskutera framtida til parken. Foto: Camilla Skjær Brugrand. 
PARKMØTE: Tysdag var styret i stiftinga Nærøyfjorden Verdsarvpark samla på Fretheim Hotell i Flåm for å diskutera framtida til parken. Foto: Camilla Skjær Brugrand. 

– Lærdal burde ikkje få dei same fordelane 

Dei tre andre kommunane i stiftinga Nærøyfjorden Verdsarvpark meiner at Lærdal kommune burde få mindre fordeler sidan dei ikkje bidrege økonomisk. 

Aurland: Vik, Aurland og Voss kommune meiner at samarbeidet med Lærdal kommune om Nærøyfjorden Verdsarvpark burde tonast ned etter at formannskapet valte å ikkje gå inn med grunnfinansiering i stiftinga. 

Les også: Støttar ikkje Verdsarvparken med grunnfinansiering

– Parken er ikkje ein utømmeleg sekk med peng. Me har bidrege med å finansiere prosjekt, aktivitetar og arrangement i snart ti år no. Situasjonen er slik at økonomien ikkje er så sprek som den ein gong var, seier Leif Inge Underdal nestleiar i styret for Nærøyfjorden Verdsarvpark under parkmøte tysdag føremiddag. 

Skeptiske

Kvart år må stiftinga søkje ulike ordningar, departement og direktorat for støtte til prosjekt dei har vedteke i handlingsplanen å satsa på. For å få ein meir stabil økonomi, gjekk stiftinga i år ut å spurde dei fire stiftarane om midlar til ein grunnfinansiering. 

Aurland kommune har gått inn med mest pengar, 300.000 kroner, medan Vik har gir 150.000 kroner og Voss 100.000 kroner. Fylkeskommunen går også inn med ein stor sum pengar. Stiftinga spurde Lærdal kommune om 100.000 kroner, noko formannskapet i april avslo. 

– Me har ikkje fått noko klart svar frå Lærdal kva dei tenkjer om saka. Dei er meir skeptiske til å gå inn på den økonomiske sida. Voss, Vik og Aurland meiner at Lærdal ikkje burde få like mykje sidan dei no ikkje vil bidra økonomisk, seier Erling Oppheim, leiar for stiftinga. 

Vanskeleg og utfordrande

Under parkmøtet i Flåm var det diskutert alternative løysingar for å få økonomien på plass. 

– Det finst ulike tilskotsordningar. Stiftinga brukar store resursar på å henta inn midlar. Me må henta inn meir pengar i sjølve regionen og då sjølvsagt av stiftarane. Den økonomiske situasjonen i kommunesektoren er ikkje heilt enkel. Dette kan bli ei vanskeleg utfordring for parken framover, seier Underdal. 

Den samla grunnstøtta frå dei fire kommunane og fylkeskommunen var planlagt til å kome på mellom 800.000 og 1 million kroner. 

– Det er ein liten som det er snakk om, men som gir store moglegheitar for kommunane som ligg i verdsarvområdet. Grunna den økonomiske situasjonen til Lærdal, så er det forståeleg at dei ikkje vil bidra med midlar, seier Oppheim. 

Bidra til felleskapen

– Det ligg ein vilje frå ordførarane i Vik, Voss og Aurland om å gå noko til felleskapen. Dette er eit viktig arbeid. Difor har situasjonen med Lærdal spissa seg litt til, sier Oppheim. 

Han fortel vidare at stiftinga ikkje har sett på kommunegrensene, men heller heile verdsarvområde. Beløpet som gjeld grunnfinansieringa er ikkje ein eingongsum, og det vil bli ein årleg sum for dei som seier ja til å betale. 

– Me ser på eit langsiktig perspektiv på 20 til 30 år. Parken vil halda oppe ein viss aktivitet og då treng me ein stabil økonomi. Grunnen til at Aurland legg inn mest pengar i grunnstøtta, er fordi kommunen har flest moglegheiter i forhold til verdsarvområde, seier Oppheim. 

Hjelp med prosjekt og arrangement

Stiftinga Nærøyfjorden Verdsarvpark har laga ein logo som kommunar og partnarar kan ta i bruk på sine nettsider for å syna at dei er ein del av verdsarvområdet. 

Så langt er det berre Voss og Vik av dei fire stiftarane som har teke denne logoen i bruk. 

– Me oppmoda alle kommunane til å bruka logoen. Aurland og Lærdal har endå ikkje gjort dette. Dette er eit enkelt grep for å synleggjera felleskapen, seier Oppheim. 

I årets handlingsplan er det sett av 4,9 millionar kroner til å skapa næring og kultur og 810.000 kroner til kulturarv. På lista over arrangement og prosjekt som får støtte frå stiftinga er det blant anna skilting i Vik og Voss, festivalar i Aurland og Lærdalsmarknaden. 

– Me kan gå inn i prosjekt på ulike måtar. Til dømes kan me henta inn kompetanse, bidra økonomisk, kopla inn prosjektet i det rette miljøet og hjelpa til med søknadsprosessar, seier Oppheim. 

Dei tek kontakt med stiftinga

Det er arrangørane og initiativtakarane som tek kontakt med stiftinga Nærøyfjorden Verdsarvpark om hjelp til ulike arrangement og prosjekt. 

– Eg trur me må endra haldningar og kulturen i regionen vår og tenkja meir på tvers av kommunegrensene. Me ligg plasserte i eit heilt unikt område, seier Oppheim. 

Han trur ikkje at kommunesamanslåinga vil ha noko å seie for Verdsarvparken. 

– Det kan vere at dei nye kommunestyra vil meine noko anna. Me i stiftinga vil uansett oppretthalda det lokale engasjementet og vera ein støttespelar om kommunane blir for store og uoversiktelege, avsluttar Oppheim. 

Til toppen