STØTTE TIL PROSJEKT: Lærdal Elveeigarlag er tildelt tre millionar kroner i støtte til eit forskningsprosjekt. Støtta kjem frå Regionalt forskingsfond Vestlandet. Foto: Arkiv.
STØTTE TIL PROSJEKT: Lærdal Elveeigarlag er tildelt tre millionar kroner i støtte til eit forskningsprosjekt. Støtta kjem frå Regionalt forskingsfond Vestlandet. Foto: Arkiv.

Lærdal Elveeigarlag får tre millionar

Regionalt forskingsfond har tildelt Vestlandet 26,4 millionar kroner til nye forskingsprosjekt. Tre av desse går til Lærdal Elveeigarlag.

Dei tre millionar kronene som Lærdal Elveeigarlag er tildelt skal gå til eit forskingsprosjekt der målsettinga er å bidra til best mogleg lakseforvalting og til høgast mogleg verdiskaping frå framtidig sportsfiske i elva.

I 1996 vart parasitten Gyrodactylus påvist i Lærdalselva, og sidan då har vassdraget blitt behandla med både rotenon og surt aluminium. Ting tyder no på at dette har fungert, og i 2017 kan elva bli friskmeldt. 

Lærdalselva er ei populær elv å drive sportsfiske i, og sportsfiskerettane vert gjerne omsette gjennom langtidskontraktar. Kor attraktive desse kontraktane er, har nær samanheng med forventningane om storleiken på fisken og kor stabil bestandane er.

Elveeigarlaget vil difor forske på blant anna føresetnadene for å sikra livskraftige laks- og aurebestandar med høg snittvekt og på korleis ein best skal utløyse den betalingsviljen som finst i marknaden for storfiske i kombinasjon med unike kultur- og naturopplevingar. 

– Lærdalselva har ei historie som ei av dei beste storlakselvene i landet og har absolutt potensial til å nå gamle høgder. Difor er det viktig at ein legg til rette både for berekraftig forvalting av fiskestammane og for ei verdiskaping som kjem lokalsamfunnet til gode, seier fylkesordførar og leiar i RFF Vestlandet Åshild Kjelsnes i ei pressemelding.

Lærdal Elveeigarlag skal gjennomføre forskingsprosjektet i samarbeid med Stiftinga Vestlandsforsking, Stiftelsen Norsk Institutt for Naturforskning, INAQ AS, Ferskvannsbiologen Leif Magnus Sættem, Østfold Energi AS og Stiftelsen Norsk Villakssenter.

Til toppen