FORNYA STATUS: Jan Geir Solheim og Helene Maristuen kan smile for at næringsminister Monica Mæland har fornya statusen til kommunen som berekraftig reisemål. Foto: Privat.
FORNYA STATUS: Jan Geir Solheim og Helene Maristuen kan smile for at næringsminister Monica Mæland har fornya statusen til kommunen som berekraftig reisemål. Foto: Privat.

– Lærdal er i eliteserien

Lærdal kommune har fått fornya statusen sin som berekraftig reisemål. 

Lærdal: I Noreg er det elleve reisemål som har denne statusen no. Ordførar i Lærdal, Jan Geir Solheim, og prosjektleiar Helene Maristuen møtte torsdag næringsminister Monica Mæland.

– Lærdal i eliteserien. Takka vere Helene og Berekraftig reisemåls-prosjektet som me hadde, er Lærdal blant dei fremste reisemåla i landet no på berekraftig reisemål og det grøne skiftet. Rett og slett i eliteserien, seier Solheim.

I perioden 2010 til 2013 bana Røros, Trysil, Vega og Lærdal veg for «Merket for berekraftige reisemål» og dåverande næringsminister Trond Giske delte ut diplomet som bevis på at dei fire reisemåla hadde funne fram til høvelege kriterium og indikatorar som kunne måle reisemåla. 

Blitt mykje betre på reiselivet

Å kvalifisere seg for dette merket er ein måte å bidra til at reiselivet på ein ansvarleg måte kan levere heilskaplege og gode opplevingar.

– Dette er eit merke som alle i Lærdal eig litt av. Me har hatt auke i hotellgjestedøgn, me har fått fleire flotte arrangement som dessutan er i lågsesong, og dette er takka vere alle eldsjelene som jobbar frivillig, seier prosjektleiar Maristuen.

– Reiselivet har auke i omsetning og verdiskaping, Kongevegen er på veg opp, så me har mykje bra i Lærdal. At me er den grøne kommunen er også no opplagt med den grøne matproduksjonen, med miljøsertifiseringane og med det grøne visuelle og vakre reisemålet vårt. Dette er og har vore ein gedigen dugnad, takka vere ressursgruppa i reiselivet med Knut Lindstrøm, Tanna Gjeraker, Jon Tamnes og underteikna som har jobba intenst siste halvåret.

Berekraftig reiseliv er samansett, men består av tre berebjelkar for berekraft. Det handlar om bevaring av kultur, natur og miljø, sosial berekraft og økonomisk berekraft.

Til toppen