EIT STYKKE ATT: Ser ein på måla kommunen sette seg, har omstillingsarbeidet vore ein fiasko. Næringssjef Arve Takvam seier dei no vil sjå bak tala, for å avdekka den verkelege effekten.
EIT STYKKE ATT: Ser ein på måla kommunen sette seg, har omstillingsarbeidet vore ein fiasko. Næringssjef Arve Takvam seier dei no vil sjå bak tala, for å avdekka den verkelege effekten.

Lærdal er langt frå å nå dei hårete måla dei sette seg i 2012

Sidan 2012, då Lærdal fekk statusen omstillingskommune, har folketalet minka, medan talet arbeidsplassar har gått så vidt litt opp. Næringssjefen trur likevel på langsiktige effektar av arbeidet dei har gjort.

Lærdal: – Me har ein lang veg å gå for å nå dei måla me sette oss, seier Arve Tokvam i Lærdal næringsutvikling.

2018 er det siste året Lærdal har status som omstillingskommune. Ved utgangen av året skal dei ha 1200 arbeidsplassar og 2300 innbyggjarar. Det var målet Lærdal kommune sette seg då omstillingsarbeidet starta i 2012.

Fakta om omstilingskommunen Lærdal

  • I 2012 fekk Lærdal statusen omstillingskommune av fylkeskommunen. Grunnen var at kommunen hadde tapt mange arbeidsplassar på èin gong og folketalet var synkande.
  • I januar 2014 råka ein storbrann Lærdalsøyri. Omstillingsperioden vart utvida til det maksimale, seks år.
  • Statusen medførte at Lærdal fekk pengestøtte av fylkeskommunen med nokre millionar i året. Dei skulle kommunen bruka til å skapa varig vekst i næringslivet.
  • Dei tre sentrale prosjekta til kommunen har vore Levande lokale, Tataki-programmet og utvikling av planane om eit næringssenter på Håbakken. I tillegg har eksterne aktørar kunne søka om pengar til eigne prosjekt. 
  • Kommunen får òg 6,6 millionar årleg frå Østfold Energi, som dei forvaltar i eit fond. Gründerar med lyse forretningsidear kan søka om pengar frå dette fondet.
  • 2018 er det siste Lærdal kommune har denne statusen. Etter dette må utviklingsarbeidet stå på eigne bein, utan støtte frå fylkeskommunen.

Folketalet sidan den gong har faktisk minka med 23, frå 2176 til 2153. Talet arbeidsplassar har auka med 29, men det er framleis 161 arbeidsplassar unna målet.

Håbakken blir avgjerande

Likevel ser ikkje næringssjefen svart på situasjonen.

– Ser me på måleparametera, så må me erkjenna at me ikkje har lukkast. Det er me ikkje nøgde med. Men eg meiner heilt klart at me er i gang med nokre satsingar no, som vil føra med seg noko positivt. Men der vil den klare effekten først bli synleg om nokre år, seier Tokvam.

Som døme nemner han satsinga på at Håbakken skal bli eit nytt og framtidsretta næringsområde. Lukkast dei planane kan det bli mange nye arbeidsplassar. Men det er enno langt fram før ein kan hausta fruktene av det arbeidet. Det same gjeld for tettstadutviklinga på Lærdalsøyri.

– Noko av det viser allereie resultat, men størstedelen av effekten vil me nok få på litt sikt, seier Tokvam.

Må stå på eigne bein frå 2019

I ettertid meiner han det hadde vore lurare om kommunen hadde sett eit mål på kor mange arbeidsplassar dei ville skapa, ikkje målt suksessen opp mot tal frå SSB. Der er det så mange faktorar som spelar inn.

Plutseleg kan arbeidsplassar dei har skapt, bli nulla ut av arbeidsplassar som forsvinn utanfor deira kontroll.

– Slik sett måler ikkje SSB-tal heilt effekten av omstillingsarbeidet. Det skal me gjera i løpet av året, for å få ein oversikt av kva det me har gjort faktisk har bidrege til. Det kunne ha vore enno større nedgang i innbyggjartalet og mindre vekst i talet arbeidsplassar, viss me ikkje hadde hatt omstillingsprogrammet, seier Tokvam.

Når året bikkar over i 2019 forsvinn pengane Lærdal dei siste seks åra har fått frå fylkeskommunen.  

– Me skal jobba med utvikling då og, men då utan dei økonomiske verkemidlane ein får som omstillingskommune. Ein viktig del av arbeidet resten av året blir å finna ut korleis me kan skapa vidare vekst frå det utgangspunktet me har skaffa oss, seier Tokvam.

Til toppen