Lærdal: Sogn og Fjordane fylkeskommune gir Lærdal kommune ei løyving på inntil 3,5 millionar kroner til omstillingsarbeid i 2017. Det er akkurat så mykje kommunen søkte om, noko dagleg leiar i Lærdal Næringsutvikling gler seg over.
– Det betyr at me kan gjennomføra handlingsplanen for 2017 som planlagt, seier Arve Tokvam.
I tillegg har dei bedt om å få overdra ubrukte midlar frå tidlegare år. Dette skal fylkeskommunen handsame i eiga sak seinare, men ifølgje Tokvam har dei fått positive signal på at dei får lov til det. Dei 3,5 millionane utgjer halvparten av budsjettet for 2017.
Tre satsingsområde
Handlingsplanen, som var vedteken i omstillingsstyret og kommunestyret før jul, inneberer hovudsakleg tre satsingsområde fordelt på to retningar som handlar om å skape vekst i Lærdal og gjere kommunen attraktiv.
– Dette er ein næringspark på Håbakken, prosjektet vårt med levande lokale på Lærdalsøyri og «Tataki»-prosjektet, fortel han.
Den siste tida har spesielt arbeidet med å skape aktivitet på Håbakken vore eit omdiskutert tema, der meiningane er delte om ein skal etablere industri her.
Levande lokale-prosjektet handlar om å skape liv i tomme lokal på Lærdalsøyri, medan «Tataki» er eit prosjekt der ein prøver å etablere god utviklingskultur i kommunen mellom bedrifter, næringsapparatet og Lærdal kommune.
– I tillegg er det sett av nesten to millionar kroner til søkbare midlar. Det vil seia at dersom det er aktørar med gode idear, kan dei søkja om omstillingsmidlar til dette, minner Tokvam om.
To år igjen som omstillingskommune
2017 er det nest siste året Lærdal har omstillingsstatus. Tokvam fortel at dei ved utgangen av 2016 ligg litt bak dei definerte målsetnadane knytt til auka folketal og tal arbeidsplassar.
Ifølgje handlingsplanen er målet at det skal vere minst 1.200 arbeidsplassar og at det skal vere 2.300 innbyggjarar i Lærdal innan utgangen av 2020. I 2012 var tala høvesvis 1.010 og 2.176.
– Det me har gjort er at me har endra målsetnaden for å nå desse måla til 2020 i staden for den opprinnelege som var ut omstillingsperioden (2018 journ. anm.). Dette på grunn av at me har langsiktige prosjekt som Håbakken, som sikkert vil gi effekt etter perioden er over. Då er det meir realistisk å gjera det slik. Eg har stor tru på at det skal gi effekt framover, avsluttar han.
Kostnader
Vekst i Lærdal | |
Utvikling Håbakken Næringspark | 1 300 000 kr |
Tataki | 750 000 kr |
Offentlege arbeidsplassar | 200 000 kr |
Hamn/kaianlegg | 400 000 kr |
Søkbare midlar | 900 000 kr |
Attraktive Lærdal | |
Levande lokale | 1 300 000 kr |
Breibandsutbygging | 150 000 kr |
Søkbare midlar | 1 000 000 kr |
Administrasjon | 1 000 000 kr |
Finansiering
Udisponerte omstillingsmidlar fylkeskommune | 200 000 kr |
Udisponerte omstillingsmidlar Lærdal kommune | 100 000 kr |
Udisponerte skjønnsmidlar frå KMD | 2 000 000 kr |
Eigendel omstillingsmidlar Lærdal kommune 2017 | 1 200 000 kr |
Søknad omstillingsmidlar fylkeskommune | 3 500 000 kr |
(Kjelde: Tilsegn – lovnad om tilskot)