VERNAST: Den imponerande Ljøsneveiti er del av dei omfattande systema med vatningsveiter i Lærdal, som vil vernast i satsinga.
VERNAST: Den imponerande Ljøsneveiti er del av dei omfattande systema med vatningsveiter i Lærdal, som vil vernast i satsinga. (Foto: Knut Ivar Åland, Sogn og Fjordane Fylkeskommune)

Lærdal fekk status som kulturlandskap, får pengar til utvikling av naturhistoriske områder

Lærdal valt ut blant eitt av 41 verneverdige områder i landet.

Lærdal: Fem kjerneområder i Midtre Lærdal vart vald ut som eitt av fire verneverdige Utvalgte kulturlandskap i Sogn og Fjordane, og eitt av 41 på landsbasis.

Områda Borlaug, Borgund-Seltun, Stuvane-Raa, Tynjadalen og Ofta-Hauge-Molde vart valde grunna dei mange kulturminna og biologisk verdifulle områda der. 

– Lærdal er den staden i landet der ein produserer flest forskjellige produkt, det er eit intensivt landbruk med flat dalbotn med store landbruksområde og historiske  beiteområder, seier Knut Ivar Åland, seniorrådgjevar i nærings- og kulturavdelinga. 

– Verdifulle kulturminne

For å bli vald som kulturlandskap, måtte desse fire kriteriane oppfyllast; heilskapleg naturlandskap, kontinuitet og djupne, særpreg og formidlingsverdi. 

– Det er mange verdifulle kulturminner i landskapet, som u-dalane med historiske beitemarker og sjeldne artar, seier Åland.

Han dreg òg fram vatningsveitene, som er heilt spesielle i Lærdal: – den imponerande Ljøsneveiti (nedanfor) er del av dei omfattande systema, som viser kor stor rolle jordbruket har spela og framleis spelar i dalføret. 

Saka held fram under biletet. 

VERNAST: Den imponerande Ljøsneveiti er del av dei omfattande systema med vatningsveiter i Lærdal, som vil vernast i satsinga. Foto: Knut Ivar Åland, Sogn og Fjordane Fylkeskommune

Noko Lærdal gjorde.

I ein rapport for utvalet, av Landbruks- og matdepartementet og Klima- og miljødepartementet, vart det lagt vekt på fleire forskjellige stader i bygda: blant anna dei historiske vegane Kongevegen og Vindhellavegen, samt vatningsveitene og Borgund stavkyrkje. 

– I heile området finst slåttemarker, naturbeitemarker, hagemarker, haustingsskog og artsrike vegkantar. I tilknyting til desse finst eit til dels svært stort artsmangfald med innslag av sjeldne og sårbare artar. Det er mange funn av sjeldne og raudlista artar av lav, sopp og insekt i området, står det skrive i rapporten.

Vedlikehald og utvikling

Organiseringa av prosjektet, samt ansvaret for økonomien, er i hovudsak lagt til fylkesmannen, men kommunane vil ha ei sentral rolle òg, ifølgje rapporten. 

Pengebidraget til arbeidet av desse kulturhistoriske verdiane vil gå igjennom ei eiga tilskotsordning. 

Planen for tiltak i Lærdal inneheld blant anna vedlikehald av bygningar, vegar, vatningsveiter, murar, steingardar og stiar.

I tillegg vil det årleg bli utført arbeid som styrt beite og maskinell og manuell rydding av vegetasjon.

Forutan Lærdal, vart tre andre område teke med i satsinga i Sogn og Fjordane; Grinde i Leikanger, Ormelid i Luster,  Liset i Selje kommune. 

Til toppen