LÆRDAL: Lærdal fekk tilskot til freda bygningar. Ilustrasjonsfoto
LÆRDAL: Lærdal fekk tilskot til freda bygningar. Ilustrasjonsfoto

Lærdal fekk tilskot til freda bygningar

Freda bygningar og anlegg i Sogn og Fjordane fekk fordelt fem millionar kroner under møte i hovudutval for næring og kultur 15. mars.

Lærdal/Kvamme: Hovudutval for næring og kultur i Sogn og Fjordane, fordelte midlane til freda bygningar og anlegg, på møte den 15. mars i år.

Tildeling av tilskot er eit ledd i arbeidet med å nå det nasjonale målet i Stortingsmelding nr. 35 (2012-2013) Framtid med fotfeste, om at freda bygningar og anlegg skal vere på eit ordinært vedlikehalds nivå innan 2020.

Fylkeskommunen har i fleire år arbeidd mot dette målet gjennom tilskot og oppfylging av dei enkelte eigarane og deira prosjekt, både i planlegging og gjennomføringa av istandsetjinga. Ved å yte tilskot til istandsetjingsarbeidet bidreg ein med å dekke meirkostnadane med ei antikvarisk istandsetjing, samt at bygningar og anlegg vert tatt vare på og kan brukast.

Våningshuset på Nedre Kvamme

Våningshuset på Nedre Kvamme fekk tildelt eit tilskot på 670 000 kroner.

I søknaden frå gårdstunet på Nedre Kvamme, kom det fram at taket ikkje lenger er tett og det har ført til skadar på takkonstruksjonen og tømmerkassa. I tillegg er huset utsett for insektangrep over lang tid, noko som har ført til svekking av tømmerkonstruksjonen i austenden av huset og mot inngangsdøra.

I samband med søknaden om tilskot, handsama ein også saka utfrå dispensasjon frå fredingsvedtaket.

Fylkeskommunen har diskutert prosjektet med eigar, og vurderer tiltaka til å vere eit mindre vesentleg inngrep i bygningen. Inngrepet er nødvendig for å bevare dei antikvariske verdiane i den for framtida. Sogn og Fjordane fylkeskommune gjev dispensasjon frå fredingsvedtaket på våningshuset på Nedre Kvamme.

Hansegarden

Hansegarden i Lærdal fekk også tildelt tilskot. Dei fekk 80 000 kroner, som skal brukast til brannsikring.

Hansegarden vart bygd av snikkar Jan Lund frå Bergen i 1840. Han budde i Lærdal 1838-1858, og samarbeidde mykje med den dyktige bygdesnikkaren Anders Bondehagen. Huset er bygd som eit typisk «byhus» med karakteristiske trekk frå Bergens-stilen, med utsmykka portal og flott omramming av omnane. Overlege Per Jerving kjøpte eigedomen i 1974 og restaurerte huset, som no er freda.

Hansegarden var eit av husa som heldigvis fekk gå fri frå storbrannen, som herja i Lærdal 18.januar 2014. 

Til toppen