GLAD: Ulf Menes er glad kleda som vart samla inn etter brannen i Lærdal no vert gitt vidare til andre som treng det. Fotomontasje: Truls Grane Sylvarnes,
GLAD: Ulf Menes er glad kleda som vart samla inn etter brannen i Lærdal no vert gitt vidare til andre som treng det. Fotomontasje: Truls Grane Sylvarnes,

Lærdal gjev vekk kleda som vart samla inn etter brannen

Etter brannen i Lærdal tidlegare i år vart det samla inn enorme mengder med klede. Desse blir no sendt til andre som treng klede i Litauen.

Etter brannen i Lærdal tidlegare i år vart det samla inn enorme mengder med klede. Desse blir no sendt til andre som treng klede i Litauen.

Gjevargleda var stor då fleire familiar og personar blei råka av storbrannen i Lærdal i vinter. Gjevargleda var faktisk så stor at Lærdal kommune var i ferd med å få eit problem med kor dei skulle gjera av alle kleda som vart samla inn.

Sidan brannen har alt som vart samla inn stått på eit lager, men no skal andre få gleda av den varme omtanken som blei vist Lærdal då fleire hus brann ned.

Fredag skal 500-600 sekkar med klede sendast til den vesle byen Jurbarkas i Litauen, skriv NRK Sogn og Fjordane.

Det synes Ulf Menes i Lionsklubben er stort. Han har hatt eit voldsomt engasjement for dei fattige i landet dei siste åra. 

– Me har vore der borte og sett kor dårleg stil dei er. Litt utanfor byane har folk ingen verdas ting å hjelpa seg med, seier han til NRK Sogn og Fjordane. 

Det betyr at Anne Kristin Evensen i frivilligsentralen, som har hatt ansvar for klesmottaket, er kvitt det som var i ferd med å bli eit problem.

– Omtanken som ligg bak har varma veldig mange. Det er veldig godt at også andre vil få glede av det, seier ho.

Til toppen