PRESSA PÅ: Kari Sigrun Lysne (f.v.), Rikard Lysne og Ivar Petter Grøtte i gruppa som har jobba med Lærdal Grønt og Smak av Sogn sine planar i Håbakken, gav sterke signal om at reguleringsplanen burde bli vedteken innan sommarferien. Ordførar Jan Geir Solheim (t.h.) gjekk langt i å lova at dei skulle få til det. Foto: Ole Ramshus Sælthun 
PRESSA PÅ: Kari Sigrun Lysne (f.v.), Rikard Lysne og Ivar Petter Grøtte i gruppa som har jobba med Lærdal Grønt og Smak av Sogn sine planar i Håbakken, gav sterke signal om at reguleringsplanen burde bli vedteken innan sommarferien. Ordførar Jan Geir Solheim (t.h.) gjekk langt i å lova at dei skulle få til det. Foto: Ole Ramshus Sælthun 

Lærdal Grønt framførde sterkt ønskje om fortgang i Håbakkenprosessen

Gav formannskapet i utfordring å ha reguleringsplanen for Håbakken 1 klar til sommaren.

Lærdal: - For å koma ut med dette, må me ha ei avkøyring og me må ha ei tomt, sa styreleiar i Lærdal Grønt, Rikard Lysne under onsdagens formannskapsmøte.

Gruppa som har jobba med planane for Lærdal Grønt si etablering på Håbakken, orienterte polikikarane om kva dette kan bli.

Som Porten.no tidlegare har omtalt, ønskjer suksessverksemda å skapa ei publikumsretta "klyngje" beståande av både utsal av lokale matvarer, servering av lokalmat, eit turismerette inspirasjonssenter og eit form for kunnskapssenter på austre del av Håbakken, sokalla planområde 1.

Les også: Legg planar for storsatsing på landbruk, mat og reiseliv

Einig i at det går for sakte

Etter presentasjonen ville gruppa, som for formannskapet var representerte med Ivar Petter Grøtte og Kari Sigrun Lysne i styringsgruppa for arbeidet, i tillegg til styreleiar Rikard Lysne.

- Det kjem stadig noko som utset reguleringsarbeidet, no er det motføresegna frå NVE som går på flaum. Me må få på plass dette heilt grunnleggjande; tomt og avkøyrsle. De må gjera det de kan for å gjera vedtak på reguleringsplanen før sommarferien, var Lysne si sterke oppmoding. 

Ordførar Jan Geir Solheim likte haldninga.

- Rikard, sjølv om enkelte i Lærdal seier at går for fort, er eg heilt einig med deg; det går for sakte.

Han heldt fram at grunna flaumfaren NVE har peika på, kan ein i ytste konsekvens måtte regulera opp heile Håbakken på eitt nivå.

- Då blir det mindre areal, og då er det fullt på Håbakken så me ikkje har areal til den neste som ønskjer å etablera seg der. Det me må avklara for dykk er oppfyllinga av akkurat tomta dykkar og avkøyrsla.

Gjekk langt i å lova planvedtak før sommarferien

Statens Vegvesen kom også med motsegn til reguleringsplanen for Håbakken på den austre delen, dette gjekk på krav om ein annan vegklasse enn det som er lagt til grunn i reguleringsplanen.

Les også: I tidsnaud med Håbakken

- Framdriftsmessig så er det motføresegnene til NVE og Vegvesenet som er hovudutfordringane, her jobbar me med å finna løysingar så fort som råd, sa rådmann Alf Olsen jr.

Ordførar Solheim gjekk langt i lova at reguleringsplanen kom til å bli vedteken før sommarferien

- Me kan ikkje venta til hausten,  då er det nokon som ikkje får ferie her på huset, for å seia det slik. Og dette er eit svært viktig prosjekt for oss. Rekk me det ikkje til siste kommunestyremøte før ferien, den 22. juni, må me ta nytt, ekstraordinært møte. 

Han streka under at Lærdal Grønt har opsjon på tomt i Håbakken.

Kåre Mentz Lysne (Ap) meiner ofte at det går vel fort i svingane med ordføraren, men måtte seia seg einig i at kjapp framdrift var viktig her

- Eg er einig i at det må jobbast fort i denne saka.

 

Til toppen