Lærdal: Marco Neven er saman med Siri Bøthun i Fresvik dei to tindvedprodusentane som leverer tindved til Lærdal Grønt, går det fram i ei pressemelding.
I fjor vann dei Årets grønne med produktet Lærdals Beste bringebær.
Harald Blaaflat Mundal, dagleg leiar i Lærdal Grønt, seier at Neven og Bøthun har hatt eit utruleg tålmod med produktet.
– Denne prisen syner at det går an å lukkast med produktutvikling dersom ein er
Tindved
Tindved er ei bærbusk som veks vilt på havstrender langs kysten frå Trøndelag til Troms.
Lærdal Grønt formidlar «Tindved frå Sogn», som einaste grøntmottak med norskdyrka tindved.
Bæra er oransje, og saftige og friskt syrlege, med ein fyldig og særprega aroma.
tålmodig, seier Mundal.
– Det er viktig å ha nok tid, dei rette personane og økonomiske musklar til å klare ventetida fram til ein lukkast med eit nytt produkt. Dette har me klart å få til i samarbeid med desse produsentane, med god støtte frå dei gode hjelparane som Marco nemner, legg han til.
Neven takka aktørar som har bidrege til tindvedsatsinga. Lerum, NOFIMA og fleire aktørar var med å starta tindvedprosjektet i 2013. Lerum trakk seg etter kvart ut. Han nemner også Oliver Prøven frå Njøs Næringsutvikling, Bama, Graminor og fylkesgartnar Torbjørn Takle.
– Til slutt må eg sjølvsagt takke alle storkjøkenkundane våre som har handla tindved frå oss, sa han.