FLYTTA: Lærdal Gym har flytta inn i eit nytt lokale i eit heilt nytt bygg. No er det større plass for dei som skal trena.
FLYTTA: Lærdal Gym har flytta inn i eit nytt lokale i eit heilt nytt bygg. No er det større plass for dei som skal trena. (Foto: Lærdal Gym)

Lærdal Gym flytta inn i nytt lokale

– Det var litt trongt i det førre lokalet, seier dagleg leiar Kjell Olav Bjørkum.

Lærdal: Treningssenteret i Lærdal har flytta ut av lokalet på Øyraplassen og inn i eit heilt nytt lokale i Løytnant Lem-vegen 3.

Kjell Olav Bjørkum, som er dagleg leiar i Lærdal Gym, driv òg selskapet Tømrar Bjørkum AS. Då han skulle bygga nytt lager til bedrifta, bestemte han seg for å gjera plass til gymmen òg.

– Det var litt trongt i det førre lokalet så no blir det betre plass for medlemmar, seier han og legg til: og så er det jo greitt å ha inntekt då eg fyrst har bygd eit nytt lager, seier han.

Nytt kjøleanlegg

Gymmen stengde dørene i det gamle lokalet 7.juli for å opna dei nye tre dagar seinare. 10.juli kunne medlemmar få trena i nytt og moderne lokale.

Ifølgje Bjørkum har dei førebels ikkje kjøpt noko nytt utstyr, men har investert i reparasjonar og eit nytt kjøleanlegg. 

– Det er jo ganske hett for tida, så no er det ganske behageleg temperatur inne på gymmen, seier han.

Til toppen