LÅGT FORBRUK: Lærdal bu- og omsorgsheim har det tredje lågaste antibiotikaforbruket i fylket. Einingsleiar Hrafnhildur Yr Elvarsdottir meiner det er takka vera godt samarbeid og bevisstgjering.
LÅGT FORBRUK: Lærdal bu- og omsorgsheim har det tredje lågaste antibiotikaforbruket i fylket. Einingsleiar Hrafnhildur Yr Elvarsdottir meiner det er takka vera godt samarbeid og bevisstgjering. (Foto: Lærdal kommune / Arkiv)

Lærdal har det lågaste forbruket av antibiotika i Sogn

Lærdal bu- og omsorgsheim (LBO) har det tredje lågaste forbruket av antibiotika i fylket, der Høyanger og Hornindal har lågare.

Lærdal: Dét kjem fram i tal frå Antibiotikasenteret for primærmedisin (ASP) sin rapport Riktigere antibiotikabruk i kommunene (RAK), skriv Lærdal kommune på sin heimestad. 

Dette er ifølgje Hrafnhildur Yr Elvarsdottir, einingsleiar i Lærdal bu- og omsorgsheim, takka vera gode rutinar og kunnskap rundt bruk av antibiotika og faren for resistens. 

– Me har hatt stort fokus på førebyggjande arbeid. Og så har me ein veldig flink hygiene sjukepleiar som tar ein del ansvar i høve prøvetaking og registrering av antibiotikabruk, seier ho. 

Elvarsdottir: – Naturleg resultat av godt samarbeid

Ifølgje Lærdal kommune sin heimestad hadde LBO i fjor det fjerde lågaste bruket i fylket, der Hornindal, Gaular og Fjaler hadde lågare. 

Forbruket ved LBO ligg godt under halvparten av snittet for denne typen institusjonar på landsbasis i 2018 og på kring 40% av snittet i fylket, skriv dei. 

– Det er ikkje slik at me har kjempa for å få desse tala, me visste ikkje at me låg så godt an i fylket, men det er eit naturleg resultat av at me snakkar om problemet, og er kritiske til bruken av antibiotika generelt, seier Elvarsdottir. 

Ho fortel at antibiotikabruk er eit stort fokus på landsbasis, og at legane har vore flinke i samarbeidet, med å ikkje setja pasientar i gong med antibiotikakur med mistanke om infeksjon, men heller vente til det er bekrefta.

– Så dei gode tala er ikkje noko de har spesifikt sett som mål, men er heller eit resultat av jamnt arbeid med fokus på antibiotikabruk? 

– Ja, me har skjerpa rutinane våre i høve prøvetaking, og me har skjema me fyller ut ved mistanke om infeksjon - me observerar litt først. Det er berre eit naturleg resultat av førebyggjande arbeid og samarbeid med legar og ikkje minst med dei tilsette. 

Antibiotikaresistens: eit aukande problem

RAK definerar antibiotikaresistens ved at bakteriar har blitt motstandsdyktige mot antibiotika.

Det tyder at eit antibiotikum, til dømes penicillin, ikkje kan drepa eller hemma veksten av bakteriane, slik at ein eventuell infeksjon ikkje kan kurerast, og dei motstandsdyktige bakteriane kan spreiast til andre. 

Dette kan føra til at ein infeksjon med ein antibiotikaresistent bakterie kan vera vanskeleg å behandla, vara lengre, og føre til auka dødelegheit.

Ifølgje RAK er dette eit aukande problem verda over, men førebels er det lite antibiotikaresistens i Noreg, men tala aukar i andre land i Europa. 

– Det blir jo berre meir og meir av antibiotikaresistens, så sjukeheimane må jo ta sin del i det arbeidet å prøva å redusera bruken, seier Elvarsdottir. 

Til toppen