Lærdal: Håbakken i Lærdal er ikkje lenger einaste kandidat til plassering av det mykje omtala småskala forbrenningsanlegget og pelletsfabrikken.
Etter den lokale motstanden og den politiske usemja som har vore i Lærdal, vurderer investoren Eco Waste Solutions no andre kandidatar til plassering.
– Investoren bestemmer den vidare framdrifta og lokalisering, det er han som har løyvd pengar. Me prøver å posisjonera vår region, men me er ikkje lenger garanterte at det blir eit anlegg her hos oss, seier direktør Hallvard Thomasen i SIMAS.

Ordføraren skuffa over å ha mista leiarposisjonen
Torsdag hadde han besøk frå heile formannskapet i Lærdal, som hadde lagt møtet sitt til avfallstasjonen i Festingdalen på Kaupanger. Gjennom selskapet Ecoinowaste har SIMAS Næring jobba for at nettopp Lærdal skulle få eit slikt forbrenningsanlegg.
I så fall ville det ha betydd rundt 150 millionar i investeringar, og det kunne ha tilført Lærdal mellom ti og tjue nye arbeidsplassar.
– Me har ikkje kome til semje politisk, og det gjer at investorane usikre. Det er den klare tilbakemeldinga me har fått, seier ordførar Jan Geir Solheim.
Han tykkjer det er trist at Lærdal har mista leiarposisjonen.

– No eig me ikkje prosjektet lenger, men er i konkurranse med andre. Det betyr ikkje at me har gitt opp, på ingen måte, seier han.
– Enormt potensiale
Motivasjon til SIMAS for å etablera eit småskala forbrenningsanlegg i Lærdal er enkelt. I dag forsvinn i snitt rundt 270 tonn avfall ut portane i Festingdalen kvar dag.
I staden for å betala for å frakta bos til forbrenning i Sverige, er målet å skapa grøne arbeidsplassar lokalt.
– Det er eit enormt potensiale til å skapa arbeidsplassar viss me er villige til å investera, seier Thomassen, og siktar då til dei mange prosjekta dei har gåande, ikkje berre Ecoinowaste.
På Håbakken var planen at bos i staden skulle verta til mat og varme i eit arkitektteikna og teknologisk banebrytande visingsanlegg, som etter ambisjonen skulle vera eit føregangsdøme for korleis det grøne skiftet kan sjå ut i praksis.

Ordføraren tek på seg skulda
– Eg må ta ansvar for at det gjekk slik, skulda ligg alltid på toppen, seier ordførar Solheim.
– Me skulle ha vore flinkare til å forklara kva dette går ut på, og kor bra dette faktisk er. For det merka eg heilt klart i bråket som oppstod, at me ikkje hadde kommunisert godt nok ut, seier Solheim.
Han gjentek at kommunen ikkje har gitt opp, men framleis jobbar med å få hand om areal på Håbakken, leggja til rette med reguleringsplanar og så vidare.
– At det er fleire som er interesserte er ikkje så rart, om du set deg inn i kva dette prosjektet handlar om. Men me har framleis stor tru på at me skal landa det, seier ordføraren.