SER BEHOVET: Under større arrangement som Jordeplerock, har sjølv ein liten kommune som Lærdal behov for natteravnar, meiner Anne Kristin Evensen.
SER BEHOVET: Under større arrangement som Jordeplerock, har sjølv ein liten kommune som Lærdal behov for natteravnar, meiner Anne Kristin Evensen.

Lærdal har fått natteravnar

– Eg trur nok behovet er der, seier Anne Kristin Evensen i Lærdal frivilligsentral.

Lærdal: Etter gode erfaringar på Jordeplerock i fjor, har ei gruppe 10-12 frivillige gått saman for å starta ei Natteravn-gruppe i Lærdal.

Første oppdraget var natt til 17. mai, då dei var med å arrangera blås grønt-aksjon saman med politiet.

– Me vart ikkje så veldig mange, men me fann ut at me skulle berre starta opp, seier Evensen.

Evensen: – Viktig med tillit blant ungdomen

I første omgang vil natteravnane vera ute i gatene ved større arrangement som Jordeplerock, Kom Heim att-helga, marknadsdansen, og ellers når det skulle vera naudsynt.

Målet er å passa på dei som er under 18 år og ikkje kjem seg inn på områda der dei vanlege vaktene held kontroll.

– Me veit at ein del av dei som ikkje har lov å drikka, drikk utanfor. Det veit me skjer, seier Evensen.

På ein liten plass som Lærdal vil natteravnene kjenna dei fleste ungdomane dei møter på i løpet av ein kveld. Då må ungdomane kunne vita at dei ikkje blir sladra på.

– Me har ikkje direkte teieplikt, for det kan du ikkje pålegga folk som driv frivillig arbeid. Men det er ingen vits å vera natteravn viss du ikkje har tillit blant ungdomen. Viss du fortel til ei mor at «eg såg sonen din full», då har du brote tilliten til den ungdomen, seier Evensen.

Mykje å gripa tak i i oppstarten

Blir situasjonen alvorleg nok er dei likevel pliktige til å kalla på hjelp frå lege eller politi.

I fjor samarbeida Frivilligsentralen med Røde Kors på Jordeplerock. Tre ungdomar vart tekne hand opp, to hamna på sjukehus og ein fekk hjelp av Røde Kors.

– Ungommane er generelt flinke til å ta vare på kvarandre. Men likevel så er det behov å ha nokon der som dei kjenner, og som kan hjelpa viss det trengst, seier Evensen.

Ho seier dei kjem til å samarbeida med nattuglene i Aurland på arrangement som tiltrekker seg ungdom på tvers av kommunegrensene.

Sidan gruppa er ny er det ikkje alt som er hundre prosent på plass enno, blant anna opplæring. Sjølv om du kjem langt med å bruka sunn fornuft, er det ein del kunnskap ein natteravn har nytte av å kunna.

– På sikt ønskjer me å få kursa dei litt, slik at dei kan litt førstehjelp, veit kva dei skal vera på vakt for og kven dei skal kontakta om noko skjer.

Til toppen