NØGD: Arne Johnsen, kommunalsjef for helse og omsorg i Lærdal, er nøgd med å ha tilsett to nye legar for dei neste fem åra.
NØGD: Arne Johnsen, kommunalsjef for helse og omsorg i Lærdal, er nøgd med å ha tilsett to nye legar for dei neste fem åra. (Bilde: Ole Ramshus Sælthun)

Lærdal har fått tak i to nye allmennlegar

No kan kommunen kutte vikarbruk og få meir stabilitet i tenesta. Samstundes blir alle legane samla ved helsesenteret.

Lærdal: Dei to nytilsette legane er Linnea Halle (29) og Adam Ledwon (32) og kommunalsjefen er meir enn nøgd med å ha fått dei på plass. 

– Kommunen har i tilsetjingsprosessen fått eit veldig godt inntrykk av begge to. Vidare er det gledeleg at ein av legane våre no er kvinneleg, seier kommunalsjef for helse og omsorg i Lærdal kommune, Arne Johansen i ei pressemelding.

Prosjekt har gitt gode resultat

Nye krav gjer at kommunane ikkje kan tilsetje allmennlegar fast som ikkje er spesialistar i allmennmedisin, eller på veg til å bli det. Lærdal kommune har vore med i eit prosjekt for å få opp rekrutteringa av unge legar til distrikta ved å la dei ta vidareutdanninga si der.

I prosjektet får legane fem års legeteneste kombinert med rettleiing, samlingar og sjukehuspraksis. Vidareutdanninga er gratis, men håpet er at allmennlegespesialistane blir verande i kommunane etter at dei fem obligatoriske åra er over.

– At vi kom med i dette prosjektet har vore viktig for å klare å rekruttere nye legar til kommunen. Alle kommunane, også Lærdal, har opplevd mykje større søknad til desse stillingane enn ved øvrige utlysingar av ordinære stillingar, seier Johansen.

Samlar legetenestene på helsesenteret

Kommunelege Mogens Vasegaard, som har drive privat praksis, vel no å gå av med pensjon etter mange år. Når dei nye legane kjem på plass blir det under eitt og same tak på helsesenteret.

– Dette gjer vi av fleire grunnar, seier Johansen og ramsar opp styrking av fagmiljøet blant legane, meir  effektiv bruk av støttefunkjonar og at folk skal ha ein stad i møte når dei treng legetenester.

I løpet av hausten vil innbyggjarane i Lærdal få tildelt ny fastlege.

– No blir det stabilitet i tenesta, seier Johansen.

Tidlegare i år tilsette Lærdal kommune Hans Johan Breidablik og Geir Berge Øverland i kvar si 20 prosent stilling for eitt år ved helsesenteret. Breidablikk skal fungere som kommuneoverlege, Øverland vil få spesielt ansvar som mentor for nye legar ved kontoret.

– Vi får no ein god miks av yngre legar og legar med meir erfaring, seier Johansen.

Til toppen