GLAD: Kommunalsjef Arne Johansen i Lærdal er glad for at dei har fått på plass to nye legar.
GLAD: Kommunalsjef Arne Johansen i Lærdal er glad for at dei har fått på plass to nye legar. (Bilde: Lærdal kommune)

Lærdal har løyst fastlegefloka

Kommunen skal få inn to nye legar i løpet mars, etter at dei to førre slutta brått.

Lærdal: Dei to nye legane er Yaser Arab (31) og Svetlana Ragan (49). Lærdal kommune offentleggjorde tilsettingane i ei pressemelding i dag.

– Yaser kjem frå stillinga som fastlegevikar i Leikanger kommune. Han har tidlegare erfaring som fastlegevikar i Florø og Surnadal. Han har òg erfaring som legevaktlege ved Orkdal sjukehus. Yaser er på plass i Lærdal i midten av mars, seier kommunalsjef for helse og omsorg, Arne Johansen i pressemeldinga.

– Svetlana kjem frå stillinga som bedriftslege og fagansvarleg ved Gudbrandsdal Bedriftshelseteneste. Her har ho vore tilsett sidan 2011. Ho har før dette óg erfaring som lege frå ulike sjukehus i austlandsområdet, held Johansen fram.

To fastlegar slutta brått og uventa

Kommunen måtte på rekrutteringsjakt etter at begge legane dei tilsette i haust sa opp etter fire månader.

– Det såg i haust ut til at legesituasjonen var under kontroll og me hadde med det ei positiv forventning om større stabilitet framover. Det synte seg diverre at dette ikkje skulle bli situasjonen særskild lenge, seier Johansen.

Vikarar styrer skuta i mellomtida

Fram til dei nye legane er på plass har kommunen engasjert vikarar. Christoffer Asbjørnsen har vore vikar i Lærdal sidan april 2017 og kommunen har forlenga avtalen med han fram til ut april 2017. Tariq Malik er den andre vikaren, han har tidlegare vore legevikar i Årdal kommune.

– Me er heldige som har dyktige vikarar i desse to, så innbyggjarane i Lærdal kan vere trygg på god legedekning inntil dei nye legane er på plass, seier Johansen.

Til toppen