PLUSS OG MINUS: Dei gjorde dramatiske grep, men vart sittande att med eit like stort oppvekstbudsjett. Her er ordførar Jan Geir Solheim på besøk på Lærdalsøyri skule.
PLUSS OG MINUS: Dei gjorde dramatiske grep, men vart sittande att med eit like stort oppvekstbudsjett. Her er ordførar Jan Geir Solheim på besøk på Lærdalsøyri skule. (Bilde: Halvor Farsund Storvik )

Lærdal har spart over fire millionar på å legga ned Ljøsne skule

Likevel er oppvekstbudsjettet for neste år identisk med det førre.

Lærdal: Nedlegginga av Ljøsne skule i sommar vil spara Lærdal kommune fire millionar i året på oppvekstbudsjettet og ytterlegare 760.000 på teknisk drift.

Likevel er oppvektsbudsjettet for neste år identisk med inneverande, mellom anna på grunn av den planlagde opprettinga av ei ny barnehageavdeling, løns- og prisvekst og auka behov for spesialpedagogar og spesialundervising. Det kjem fram i utrekningar kommunalsjef Torunn Liltvedt har gjort på oppdrag frå formannskapet.

– Me ser at ting er i endring heile tida, så det er alltid vanskeleg å finna att pengane me skulle ha spart, seier ordføraren.

På sist formannskapsmøte presenterte rådmannen eit budsjett som manglar 2,4 millionar på å gå i balanse. Under møtet vart det funne dekning for summen, så no ser budsjettet ut til å gå i balanse og kanskje litt i overskot.

– Så situasjonen er ikkje dramatisk for 2018, trur ordføraren.

Likevel er det fleire usikre moment. Spesielt er det to faktorar som kan bli avgjerande. For det første må politikarane koma i mål utan sprekk i årets budsjett. Der såg det ikkje heilt lyst ut i tredje kvartal.

– Der blir det jobba knallhardt, så målet må vera at me greier å henta oss inn att føre året er omme, seier ordføraren.

Den andre faktoren er at kommunen må håpa at dei ikkje får ytterlegare fall i kraftinntektene, for dei har allereie minka dramatisk.

– I tillegg ventar me på ei avgjerd i ei sak om utgiftsføring av rehabilitering til damanlegga. Vinn me fram der, så vil det ikkje ha innverknad på budsjettet, men det vil gje ei kraftig påfylling til dispensasjonsfonda våre, seier ordføraren.

Til toppen