Lærdal: Tittelen til sogeskriftet er eit godt, gamalt lærdalsuttrykk og tyder rett og slett andre tider.
– Eg brukar uttrykket sjølv og det er ikkje gått or bruk i bygda. Og me seier at «da va are tie» anten me ynskjer å leggja vekt på at eitkvart var betre eller verre før.
Lærdal er rik på historie. Her har det vore store gardar og plassen har vore eit viktig knytepunkt mellom sjøferdsla vestover og fjellovergangen over Hemsedal mot Austlandet.
Og Lærdal var den nest viktigaste hamna på Vestlandet til heilt inn på 1900-talet, kan Lysne opplysa.
Den mest merkverdige av alle Lærdal sine søner?
Den kanskje mest merkverdige av historiene i skriftet, skriv seg til 1700-talet:
– Me har fått ein journalist til å skriva om lærdølen Jonas Henrikson, som levde på 1700-talet, og vaks opp hjå ei einsleg mor ute i Erdal. Han vart med i den prøyssiske kongen sin livgarde og vart handplukka fordi han var 2,12 meter høg, seier Lysne.
Ein kan lesa om korleis kongen leita opp høge menn over heile kontinentet som han ville innrullera i garden.
Henrikson vart ein favoritt blant den prøyssiske kongen då han kom i teneste der og det vart reist ein statue av han i Preussen. Den høge lærdølen fekk tilbod om å få heile to gods av kongen dersom han gjekk med på å verva seg på livstid.
Men han døydde av tuberkulose før han rakk å verta påskjønna slik. Før han døydde hadde ein kunstnar rokke å måla eit gedigent portrett av han. Måleriet er meir enn to meter breitt og høgt, og heng på ein vegg i Tyskland den dag i dag.
Ikkje berre finst det eit portrett av Henrikson. Skjelettet hans er framleis intakt, ettersom det vart plassert i eit glasmonter på 1700-talet, etter at han altso hadde gått bort i ung alder.
Skriftet treng fleire bidragsytarar
Då Lærdal historielag vart skipa på ny i vår, var ambisjonen å gje ut eit sogeskrift før jul, og det har dei no klara.
– Me har marknadsført det som årets julegåve. Somme har kjøpt fleire eksemplar som dei har sendt rundt til vener og kjende. Det har gått unna sidan det kom ut i november, fortel Lysne.
Laget ynskjer å gje ut fleire utgåver om ikkje alt for lenge og soleis ta vare på so mykje historie som råd for ettertida. Men i skriftredaksjonen sit det berre ei lita gruppe på fire eldsjeler.
– Me vil oppmoda fleire om å skriva. Dersom nokre er interesserte i å hjelpa oss med bidrag, men ikkje er sikre på korleis dei skal fara fram, so vil me hjelpa dei. Til dømes kan me skriva artiklar for folk, dersom dei likar best å fortelja munnleg, seier Lysne.