KOMMUNEVAL: Trond Øyen Einemo, førstekandidat for Lærdal Høgre. Foto: Ina Eirin Eliassen
KOMMUNEVAL: Trond Øyen Einemo, førstekandidat for Lærdal Høgre. Foto: Ina Eirin Eliassen

Lærdal Høgre om eigen politikk

Bli betre kjend med Lærdal Høgre og kva førstekandidat Trond Øyen Einemo (43) meiner er viktig for dei fire neste åra. 

Alle dei fem partia som stiller liste i Lærdal har fått sjansen til å fortelja kva dei meiner er viktigast inn mot valet. Det er ordførarkandidaten i kvart av partia som har svara på spørsmåla. 

 

– Kva er den største utfordringa i Lærdal dei neste fire åra?

Eg meiner framleis det er økonomi. Me må få harmoni mellom inntekter og utgifter, utan at ein skal pålegg innbyggarane meir kostnadar, som til dømes eigedomskatt på bustader. Så lenge me har eit så stort inntekstnivå som me har i Lærdal, må me sjå på kostnadane i staden.

Me har hatt det godt i Lærdal og i kommunane i Indre Sogn lenge. Det gjer at ein har lagt seg til eit kostandsnivå, der ein betalar for ting ein ikkje skulle ha betalt for. Me har for høge forventningar til kva kommunen skal levere av tenester, noko som gjer det dyrt å driva. Her trengs det bevisstgjering. Til dømes har me på aldersheimen eit dekningsnivå på over 30 prosent av dei over 80 år. Det er ikkje ein kommune som har tilsvarande i landet. Det veit me kostar pengar. Eit anna døme er kva teknisk skal gjere. Er det til dømes kommunen sin jobb å pynta til julegateopninga? Det er mange små ting som gjer at me driv for dyrt, det er mi oppfatning etter dei siste åra med politiske arbeid. 

Den jobben har me alt jobba med i kommunen heile denne perioden, det er vel berre SV som ikkje er einig. Me prøvar å få til ein haldningsendring når det gjeld økonomi og å få ned kostnadsnivået. Det skal me fortsetta med, men det er ein stor jobb og det går seint, noko som er synd med sant. Me har 300 tilsette i kommunen som må vera med på laget for at me skal få det til. Det er så lett, men likevel så vanskeleg. 

– Kva er dei viktigaste grepa for å betre kommuneøkonomien?

Eg trur rett og slett det er bevisstgjering og holdningsendring, både blant innbyggarane og dei tilsette i kommunen. Me har ikkje overmåteleg med økonomi lenger og kan ikkje halde oppe forbruket. I 2006, då me var ein Robek-kommune, vedtok dei å bruka overskotet frå konsesjonskrafta vår inn i drifta. Så har ein lagt seg til den vanen om at dei pengane dei er der dei. Dette skulle jo berre vera ein liten periode, noko det ikkje vart. Sjølv om me no er ute av Robek, betyr ikkje det at me har eit betre tilbod av den grunn. Det er dette med tæring etter næring, som det heiter frå gamalt av. Ein kan ikkje bruka meir enn ein har. Me må få den haldningen inn, og ha med alle på laget. Det er ein kjempejobb, som er godt i gang men me må halde trykket oppe. Eg ser det som den største utfordringa, 

– Kva vil Høgre gjennomføra av investeringar?

Me manglar eit trinn i omsorgstrappa og me må få på plass omsorgsbustadene som no er undervegs. Det er viktig. Så er det vassverket, sjølv om det er sjølvkost. Det går på siste vers når det gjeld disposisjonar og me er nødd å ta den investeringa. Elles må det koma nytt bustadfelt og næringsareal om me skal fortsette å veksa på næringssida. Då må ein vera attraktiv på bustadssida også. Elles ser eg ikkje dei store investeringane i perioden som kjem. Det ligg ikkje store kontroversielle investeringar i økonomiplanen som me har stemt fram. Men omsorgsbustadane og vassverket må på plass så fort som råd. 

– Kva tiltak må til for at bedrifter etablerer seg her og blir verande?

Det er samansett. Det er noko som heiter at aktivitet skapar aktivitet. Eg har også kjensla av at det motsette, om det ikkje er noko aktivitet, så døyr resten av aktiviteten òg. Det er ein idé å få hit nokre primus motorar, som kanskje har ADHD, gjerne òg fleire bokstavar, som er med oss for å drive. Det med skapingskrafta, spesielt hos gründerar, den forsterkar seg om ein er med folk av same slag. I tillegg må det vera tilgjengeleg buområde og næringsareale til dei. Så skal me ha attraktive skular og barnehagar, og tilbod utanfor arbeidstid. Dette blir det jobba bra med i mellom anna i planen for omstilling. Eg skal ikkje ta på forskot at den begynner å virka, men det kan sjå ut som ein del tek til å virka. Lærdal næringsutvikling er ein stor aktør i det spelet. 

– Korleis kan Høgre sikre ei levande bygd også om vinteren?

Vinteren i Lærdal er vanskeleg å gjera noko med. Det virkar som om folk går i dvale, slik som i mørketida lenger nord. Sommarturisme er ikkje noko problem. Me har meir enn nok å ta av, det er berre snakk om å få til nokre fleire aktivitetstilbod. Klarar me å bruke vinteren vår, som er snøfattig og med mørke fjellsider, så er ein hjarteleg velkomen. Det er ingen som har greidd det til no, vinteren er rett og slett ei utfordring. Me må over på aktivitetsturisme trur eg, om me skal nokon plass. Me må bruke fjella våre til noko. Det handlar òg om marknadsføring, men ein må då også ha tilbod å by på. 

På den andre sida har me jo eigentleg alt. Me har fjorden, Hemsedal og Sogndal med ski er ein time unna. Mange plassar ser ein det som heilt normalt å måtte reisa litt, medan me her skal ha det meste i umiddelbar nærleik. Kanskje me har feil fokus og at me må bruka det me har og gjera aktivitetane gode i staden. Denne har eg ikkje ei løysing på enno.   

– Kva vil Høgre gjere for å sikre vekst og arbeidsplassar innan næringsliv og turisme?

Me må bruke dei verkemidla me har sett inn gjennom Lærdal næringsutvikling og omstillingprosjeket. Kommunen har vist mange gonger at den er villig til å snu seg fort i ein retning som er positiv, om noko positivt kjem ut av det. Til dømes etter brannen, eg trur me sette noregsrekord i regulering. Eg trur det er ingen nokon gong som har regulert noko så fort som då. Det viser berre at om det er vilje innad, så kan me snu oss fort, det gjeld uansett kva som dukkar opp. Men når alle ikkje har lik vilje, endar det ofte opp som eit stridstema. 

Me vil ha vekst og utvikling. Me veit òg det er mogleg, då mange av oss driv næring sjølv. Det handlar om å få alle gründerane ut av skåpet og me må få dei som driv til å satsa vidare. Då ein ofte blir ete opp av kvardagen, gjeld det å legge til rette, i staden for ei tilskotsordning. 

Korleis vil Høgre sikre god kår i landbruket?

Landbruk er viktig og ein av dei store næringane i Lærdal. Der ligg det ein eigen plan i Lærdal næringsutvikling, og ein vedteken landbruksplan eg har vore med å vedta. Eg ser ingen grunn til å vekk frå dei. Det er ein kreativitet og skaparkraft som er enorm innan Lærdal Grønt og landbruket generelt. Landbruket i Lærdal blir drege fram av både Senterpartiet og Høgre sentralt, som førgangskommune når det gjeld å utvikla landbruket. Det skal me fortsetta med. Det er positivt og dreg også med seg andre ting innanfor næringsliv. Då er me attende på at aktivitet skapar aktivitet. 

– Vil Høgre syte for busetting i heile kommunen? 

Det er viktig at folk får busette seg der dei vil. Høgre bryr seg ikkje om det er Erdal, Øyri, eller Borgund. Det er viktig med moglegheit til å busetta seg der dei vil. Eg trur det er ein naturleg syklus, med avstandar og nærmiljø. Ja, det er viktig å sørge for busetting i heile kommunen, men det er ikkje viktigare enn at folk må få bestemma sjølve. 

– Kva alternativ til skulestruktur ser Høgre på som den beste?

Det er eit ømtolig tema. Men eg personleg ser at Ljøsne kan ryka. Ljøsne skule har eit stort investeringsbehov for å få god standard og det er kring ti minutt til Øyri eller til Borgund, då det er fritt skuleval. I Høgre seier me at me skal følga den faglege tilrådinga til skulebruksplanen. Det har me sagt heile vegen. Me har ikkje gjort meir ut av det i partiprogrammet.

Så er spørsmålet kva kjem først av høna eller egget. I eine vedtaket står det kommuneplan skal legge føringar for korleis skulestrukturen skal vera. Men når skulestruktur kjem, seier ein nei ein kan ikkje legga den før kommuneplan har lagt sine føringar, noko me stemte i mot. Likevel er vel det største problemet med skulepolitikk at det er besteforeldra som styrer argumentasjonen. Det gjeld ikkje berre i Lærdal, sjå til dømes i Balestrand no, der var besteforeldre høgast på barrikadane. Det er ikkje noko ilt i det, men det er ungane sitt beste me skal ta vare på når det gjeld skule. Ungane skjønar jo ingenting når dei må slutta på barnehagen her på Øyri, for å begynne på skulen på Ljøsne. Dei har vore med same vener i tre til fire år på Øyri, så skal dei ikkje sjåast att før dei startar på ungdomskulen. Hadde ein spurt ungane når dei er 6 år og skal begynne på skulen, trur eg ikkje det hadde vore eit så stort spørsmål. 

– Korleis vil Høgre jobba for barn og unge, og at folk trivst i bygda? 

Når det gjeld barn og unge har me sagt me vil prøva å oppnå det beste barnehage- og skuletilbodet i landet. Det er intensjonen. Me ser ingen grunn til at Lærdal skal ha eit dårlegare tilbod. Me har meir enn nok areal, fasilitetar elles, kulturskule som er fenomenal, ein lærarstab å ta av som er utruleg. Aktivitetstilbodet òg, om du hadde saumfart alt av organiserte og uorganiserte tilbod i Lærdal, hadde du blitt heilt sett ut. Ein hadde ikkje rekt å reise på halvparten ein gong, uansett alder. Det er noko for alt og alle. Det er ikkje nødvendigvis at ein må vera med på alt, men det er tilbod for alle om dei vil. Me ønsker gjerne nye tilbod velkomen, men eg ser ingen grunn til at me skal øydelegge organisasjonslivet og den frivillige dugnaden som er i Lærdal. Den er formidabel, rett og slett. Det støttar me opp om, det har Høgre vore klare på i vedtaka våre. 

– Kva vil Høgre gjere for eldre og menneske med spesielle behov?

Me vil i alle fall få på plass det manglande trinnet i omsorgstrappa. Eg meiner med handa på hjartet me har eit godt tilbod til både eldre og menneske med spesielle behov. Når ein ser på busjettet kan det vera ein har det for godt, men eg kan ikkje gå inn å gjere ei vurdering, då eg ikkje har kompetansen til å gjera det. Me må følge dei tilrådingane som fagfolka kjem med. Den siste tida har me prøvd å styrka heimesjukepleia, slik at eldre kan få hjelp til å bu heime så lenge som mogleg. Det virkar som det har fungert. Me må fortsetta å få på plass rett personale og gode leiarar, så fungerer eldreomsorgen så det grin. 

Me vil gjerne innføra meir brukarstyrt påverking innan pleie og omsorg, slik at ein ikkje berre må ta det ein får av hjelp, men at det individualiserast. Eg veit det blir testa ut i fleire kommunar, så me får sjå kva det blir for noko. Men dei skal ha eit godt tilbod, noko eg meiner me faktisk har. Eg har aldri vore med på å kutta på heimen utan at me har fagleg bakgrunn for at det går. 

– Det er vedteke ein plan for å oppgradere og satsa på gamle Lærdalsøyri. Korleis vil Høgre jobbe for det?

Der skjer det lite, noko som heng i hop med fleire ting. Det første var økonomi, det var der det stranda først. Så vart det val, og gruppene som skulle sjå på det vart ikkje sett inn att, berre gruppa for brann og for arealplan. Planen er vedteke, men det er ikkje sett av investeringsmidlar, difor får ein ikkje gjort noko. Det går jo mange prosjekt på gamle Øyri, men det er perforert. Eg har ikkje noko fasit på kva som har skjedd. Det er bra det blir sett innatt i fokus, slik at me ikkje endrar opp med eit verna område der det omtrent ikkje bur folk og der ein ikkje får gjera nokon ting. Eg er tilhenger av at bruk er det beste vernet. Høgre vil jobba for at gamle Øyri er ein plass ein kan leva og bu, og ikkje berre ha feriebustaden sin. Det er ein kulturhistorisk plass, men det må vera mogleg å laga tilpasningar som gjer at ein kan bu der i 2015, utan at ein må tilbake til 1815. Slik kjennes det ut av og til. Me er for utvikling av gamle Øyri, utan at det ødelegger særpreget i bygningane. 

– Har Høgre tankar om framtidig bruk av kulturhuset?

Den vil eg avventa, då det er i gang eit prosjekt i gang i regi av Lærdal næringsutvikling. Eg har vore i krigen i denne saka før. Me har òg diskutert dette mykje i Høgre. Akkurat no ventar me for å sjå om det kjem ut noko smart ut frå Lærdal næringsutvikling sitt prosjekt, sjølv om eg ikkje heilt har trua. Me har revurdert denne saka fleire gongar. Høgre var i utgangspunktet imot å bygga huset, men det er ingen som er tent med å seie, kva var det eg sa. 

– Er det andre funksjonar ein kunne samla i huset?

– Heilt klart. Men då må ein opne alle vindauger, og det er ikkje då sikkert kunstmuseet skulle vore der heller. Det kan òg gjelde villakssenteret. Det er ein stor bygningsmasse ein kunne brukt til mykje rart. Eg vil ikkje klinke ut noko. Eg lanserte biblioteket for fire år sidan. No ser eg Ap har teke det inn i partiprogrammet sitt. Eg ser framleis det som ei løysing, sjølv om det ikkje nødvendigvis ligg så mykje økonomi i det. Eg avventar å ser kva gruppa kjem med. 

– Kommunen har sagt ja til busetting av flyktningar. Kva vil Høgre gjere for å sikre integrering og busetting i kommunen?

Eg trur eg vil seie det så enkelt at me kan ikkje ta imot fleire enn me kan. Då lagar me berre eit nytt problem. Det må vera eit system for å ta imot dei og det må vera fornuftige bustader til dei. Har me ikkje det må me til å leiga på campingen slik me har gjort, men det er ikkje eit verdig liv for dei. Det må finnast ein system i andre enden. Eg er ikkje motstandar, men det må vera plass til dei. Det er enkelt på regjeringskontora å seie at me tek så så mange, sjølv om dei veit svaret ligg i kor mange ein klarar å busette ute i kommunane. Dei skal bli behandla skikkeleg og med verdighet. Det er Høgre sentralt klare på. 

Me hatt vellykka integrering historisk i Lærdal, eg håpar det forsett med å fungere. Det er tilsett personar for å handtere dei som kjem, men eg er ikkje imponert enno. Me vil støtte opp om vedtaket og gjera det me kan for at dei skal bu godt og verdig. Det kjem nok truleg ei undervisningsordning i Lærdal, sjølv om det sit langt inne, då ein må inn med mange forskjellige lærekreftar på forskjellige språk at enn så lenge samarbeider me med Sogndal. 

– Lærdal hadde ein gong slagordet «Den grøne kommunen». Korleis vil Høgre jobba for grøne og miljøvennlege løysingar?

Klima- og miljøplanen i Lærdal kommune er ikkje borte, spesielt ikkje planen for enøktiltak. Alle bygg er gått gjennom enøkmessig, me har ein plan som er vedteke, sjølv om eg kanskje tykkjer me på omprioritere litt. 

Problemet er jo at me bit oss sjølv i halen med tanke på straum. Brukar me mindre kraft på sjølvforsyning, då får me ut mindre og mindre konsesjonskraft ut til slutt. Det blir ein vond sirkel. Skal ein spara straum, tapar kommunen pengar egentleg, for me sel den ut att til vanleg pris. Eg veit det ikkje er logisk, men me har lov å ta ut konsesjonskraft til normal sjølvforsyning i Lærdal kommune. Det gjeld alle husstandar og alt forbruk i Lærdal. Brukar me mindre, får me ut mindre kraft og me må budsjettere ned. Slik går vinninga opp i spinninga. 

Me har ein god renovasjonsordning. SIMAS gjer ein god jobb. Me har køyrd prosjektet Berekraftig reiseliv, som egentleg skulle vore med vidare. Det står ikkje Høgre i posisjon til å kunne ta tak i aleina, men me har prøvd å påvirke litt. Så handlar det mykje om å vera bevisst. Me er jo ikkje ein forureinande kommune, sett bort frå vegen som går gjennom dalen. Eg ser ikkje dei store miljøutfordringane her, sett bort frå det som er lovpålagt. Om me legg tilrette for alternative oppvarmingskjelder, vil jo det ureine på andre måtar, enn om me tek rein kraft ut frå anlegga i dag. Globalt utgjer Lærdal ein liten del, men sjølvsagt må me bidra med dei små tinga. 

På privat initiativ rydda me Hedler før sommaren ein gjeng, der me fekk levere bosset gratis til SIMAS. Den gamle vårdugnaden hadde vore kjekk å få til att og at kommunen reiste rundt å henta boss frå oppsamla plassar. Alternativet er for mange at dei grev det ned i ei røys. Det er ikkje noko positivt. Det trur eg me må få til ei sak på. Har forsåvidt lansert det til ordføraren. Det har vorte ufatteleg mykje boss og emballasje. Hadde me fått til ei slik ordning, trur eg folk hadde brydd seg meir om det som er rundt oss. 

– Kommunereforma, kva alternativ passar Lærdal best og kva vil Høgre jobba for?

Eg veit ikkje om eg trur det blir ei så stor utfordring. Eg trur utfordringa ligg i om folk blir høyrt. Høgre vil innbyggarane skal høyrast, men ein må først klargjere innbyggarane på kva dei skal høyrast i, elles svarar ein ikkje på noko. Skal me ha ei folkerøysting, skal den vera bindande ikkje rådgjevande, sjølv om det er delte oppfatninga mellom partia og innad i Lærdal Høgre. 

– Kva alternativ meiner du passar best for Lærdal?

– Kulturmessig, har eg ein mistanke om at det blir alternativet Indre Sogn (Lærdal, Årdal, Aurland) som passar best. Likevel ser eg for meg at me kanskje burde vore større, men me får store utfordringar om me skal gå for stor-Sogn. Kanskje ein må gå for ein plass midt i mellom. Eg trur eg hadde landa på Indre Sogn alternativet. Eg ser kor mykje samarbeid me har både med Årdal og Aurland i dag, me kunne like godt vore ein kommune er min oppfatning. Høgre vil jobba for å koma i ein sentral posisjon slik at me kan forhandla om det, og ikkje berre bli med på lasset. Det har vore vår intensjon heile vegen. Det må kome ei avgjersle og ei folkerøysting før sommaren 2016. 

– Har du tankar om at du kan vera den siste ordføraren? Ser du sjølv som ordførar?

Så lenge eg har så store konkurrentar (Sp og Ap), med tradisjonelt kring 30 prosent oppslutning begge to, så sit det langt inne å sjå meg sjølv som ordførar. Varaordførar er ei heilt anna sak, det har eg ikkje problem med å sjå meg som. Men som ordførar, klart eg stiller om eg kjem i den possisjonen, men eg har vanskeleg å sjå det for meg med dei tradisjonelle valtala bak meg. 

Til toppen