Lærdal i gong med tettstadutviklingsprosjekt

Lærdal i gong med tettstadutviklingsprosjekt

Målet er å finne ut korleis Lærdalsøyri skal utviklast og kva rolle tettstaden skal ha i framtida.

Gjennom prosjektet skal ein finne ut kva som kan gjera Lærdalsøyri til ein meir aktiv og triveleg tettstad å besøka, drive næring og bu i. 

Ein viktig del av arbeidet er å sjå på moglegheitene for å skapa arbeidsplassar og ny næringsutvikling med utgangspunkt i folk si lyst, kunnskap og kompetanse. Prosjektet er ei del av attreisinga etter brannen for over eit år sidan og ligg under omstillingsprogrammet.

«Kartkafé»

Torsdag 7. mai inviterer arkitektgruppa Cubus til folkemøte i Lærdal kulturhus. Det er Lærdal Næringsutvikling som har inngått ein rammeavtale med arkitektgruppa.

– Me inviterer folk på aldersheimen, elevar på skulen, vaksne og unge – alle – til å møte opp denne ettermiddagen for å kome med innspel. Prosessen om korleis Øyri skal utviklast er open og det er med innspel frå innbyggarane at me kan finne fram til gode faglege råd og forslag til løysing. Difor vil me involvere så mange som mogleg i det me kallar «kartkafe», seier sivilarkitekt Maria Molden i Cubus.

Veggane i kulturhuset vil vera fylt opp med store kart over Lærdalsøyri denne dagen slik at folk som deltek, kan peika, forklare og teikne ideane sine på karta. 

Mykje å spele på

Molden tykkjer Lærdal har mykje å spele på når det gjeld historie, natur og ressursar, og ynskjer at lærdølene kan drøyme litt rundt ny bruk av det ein har.

Kafeen er delt opp i to bolkar, først til born og unge og deretter til ein bolk der Cubus skal fortelja om oppdraget sitt og alle kan koma med innspel. 

– Me har inngått samarbeid med Lærdalsøyri skule og elevrådet. Elevane er svært positive og dei blir viktige bidragsytarar under kartkafèen, fortel Molden.

Kjende for arbeidet sitt

Tettstadutviklingsprosjektet er avgrensa til området mellom sjukehusvegen og fjorden, og mellom fjellet og elva. Arkitektgruppa Cubus har gjennomført slike tettstadprosessar i andre kommunar og fått nasjonal merksemd for arbeidet sitt.

– Me driv langsiktig planlegging og kjem ikkje til Lærdal med ferdige løysingar. Det er lærdølene som skal komme med ønsker og forslag, og så skal me jobba ut i frå det, seier Molden.

Til toppen