Lærdal: Her vil ein ha utstilling med mykje informasjon om aktivitetane i laget og det blir også høve til å sjå filmutdrag frå fotballkampar på 1970-talet.
– Men det er eigentleg meir enn berre idrettshistorie, seier leiar i laget Hallvard Thomassen i ei pressemelding.
Magnar Ljøsne og Jarle Offerdal vil ta med dei frammøtte i ei vandring i lærdalssamfunnet si endring og utvikling dei siste 80 åra, heilt frå den første idrettsbana og fram til anlegga som ein disponerer i dag.
– Historia fortel om enkeltpersonar med flotte idrettsprestasjonar, men og om det som er og har vore viktigast: ulike aktiviseringsopplegg både for unge og vaksne i eit byggande fellesskap, står det i pressemeldinga.