Lærdal: Ved å samarbeida med Gol og Hemsedal ønskjer sognakommunane Lærdal og Aurland å gje eit betre tilbod til personar med psykiske lidingar og rusproblem.
– Dette handlar om å etablera eit bu- og omsorgstilbod til menneske som treng langvarige kommunale tenester, seier utviklingsrådgjevar i Lærdal kommune, Alf Olsen Jr i ei pressemelding måndag.
I eit forprosjekt har dei greidd ut eit interkommunalt samarbeid, som kommunane no skal finna ut om dei vil forplikta seg til.
- Les òg: Revisjon i Årdal viser klar betring i tenestene psykiatri og verna bustader
- Les òg: Her vil kommunen etablere eit nytt tilbod til ei utsett gruppe
Vil bli billigare enn private
Ifølgje forprosjektet vil ei slik organisering gje auka kvalitet i behandlinga, redusert sjukefråvær, lågare kostnader og redusert bruk av tenester frå private leverandørar.
I dag er det ikkje uvanleg at kommunane kjøper private tenester for opp mot ni millionar kroner per år per brukar.
– Alle dei involverte kommunane opplever det som krevjande å gje eit godt nok tilbod til denne brukargruppa i dag, står det i pressemeldinga.
Lokalisering i Lærdal
Neste fase blir å realisera prosjektet, mellom anna ved å byggja eigna bustader, og etablera eit kunnskapssenter i samspel med spesialisthelsetenesta.
Dette tilbodet skal plasserast i Lærdal, og vil ha til saman 18 plassar. To av bustadane skal vera bemanna døgnet rundt, den siste på dag og kveld, står det i forprosjektrapporten.
– Me håpar dei naudsynte avklaringane blir gjort dei komande månadane så me kan koma over i hovudprosjektet før sommaren, avsluttar Olsen Jr.