Arkivfoto: Ole Ramshus Sælthun.
Arkivfoto: Ole Ramshus Sælthun.

MEININGAR

«Lærdal kommune, det er enkelt å rydde å opp i dette»

MEINING: Spørsmålet må stillast på nytt: Kva lover og reglar gjeld i Lærdal kommune?

Viser til svar frå Rådmann i Lærdal publisert på Porten 7. juni. Eg takkar Rådmannen for raskt og meir utfyllande svar no enn tidligare i prosessen. Samtidig ser eg behovet for å stille spørsmålet mitt på nytt; kva lover og reglar gjeld egentleg i Lærdal Kommune?

I svaret skriv Rådmannen sitat «Deling av driftseining vil seie å dele opp ein landbrukseigedom eller ei driftseining der formålet framleis skal vere landbruk, noko som ikkje gjeld i dette tilfellet». Dette ser ut til å være Lærdal Kommune si eiga tolking av «deling av driftseining» og er i strid med alle definisjonar i gjeldande lovvverk og rundskriv. Eg kan heller ikkje finna noko skriftleg i kommunen på at dette er tolkinga som skal nyttast.  I 2013 vart ei sak som omhandla frådeling av tun til bustadføremål behandla politisk, slik at tidlegare praksis også talar mot Rådmannen si tolking i denne saka.

Ei deling av driftseining skal behandlast etter §12 i Jordlova uavhengig av formålet med delinga. Det er spørsmålet om eigedomen eller eigedomane kan nyttast til jord elller skogbruk som er førande for korvidt ei delingsak skal behandlast etter §12 i jordlova, ikkje formålet med delinga. Ei driftseining i jordbruket består ofte av fleire eigedomar og dette er grunnen til at nemninga driftseining vert nytta i lova og dermed i delegasjonsreglementet. Delegasjonsreglementet har heller ikkje vore endra på dette punktet sia det fyrst vart vedteke.

Dersom Rådmannen og Lærdal Kommune fastheld si tolking av delegasjonsreglementet, så vil eg påstå at saka ikkje skal vurderast etter §12 i jordlova og derfor må saksutgreiiast på nytt. 

I svaret kommenterer også Rådmannen at lovar og reglar «stadig er under endring». Jordlova vart oppretta i 1995,  og rundskriv oppdatert i 2003 og 2013. At dette er i «stadig endring»  er ein uttale som får stå for Rådmannen si rekning. Sakene som er naturleg å samanligne med denne saka vart behandla i jan 2011 og april 2013. I siste rundskriv, som kom etter desse søknadane var godkjent, står det «De nye reglene gir økt lokalt handlingsrom til kommunen, og de skal gjøre det enklere å dele fra dersom søknaden gjelder fradeling til tilleggsjord eller bosetting.». Oppsummert bør det altså i dag vera enklare for kommunen å godkjenne  søknaden vår enn dei tidligare søknadane. 

Lærdal Kommune, det er enkelt å rydde å opp i dette. Trekk saka frå klagebehandling hjå Fylkesmannen, gi den ei grundig og korrekt saksutgreiing og ei rett saksgang. Då er me ferdige med denne saka, og både me og Kommunen kan bruka ressursane våre på viktigare ting.  Eg kan tilgi dykk forsinkinga. 

Kjersti Lysne Sanden

Til toppen