Lærdal: Dei siste åra har Lærdal kommune hatt høgast deltaking ved UKM i høve talet på ungdommar mellom 10 og 20 år. Dette skal vera ein av grunnane til at Ung Kultur Møtast gjer kommunen ein premie på 5000 kroner som skal auka rekrutteringsinnsatsen hjå kommunane. Det melder Sogn og Fjordane fylkeskommune i ei pressemelding.
– Nøkkelen er kulturskulen i Lærdal, seier kulturleiar i Lærdal kommune og rektor ved kulturskulen, Magne Grøttebø.
– Då UKM vert arrangert er det slikt eit tett samarbeid mellom frivillige, lærarar i kulturskulen og ungdomsklubben. UKM vert liksom ein naturleg del av Kulturskulen sitt opplegg, seier Grøttebø.
Lærdal hadde jamt 70 deltakarar i UKM i 2016-2018. Det er om lag 27 prosent av ungdomane i aldersgruppa i kommunen.
– Å få denne prisen set me stor pris på. Det vitnar om at langsiktig jobbing kastar av seg. I tillegg til dette vert det nesten kvart år sendt nokon frå Lærdal vidare til landsmønstringa i UKM, og det vitnar om kvalitet i seg sjølv, seier Grøttebø.