RÅDMANN: Arne Johansen ser beskriv saka som ein intern svikt.
RÅDMANN: Arne Johansen ser beskriv saka som ein intern svikt. (Bilde: Ole Ramshus Sælthun)

Lærdal kommune grov i freda kulturminne - 200.000 kroner i bot

Politimesteren i Vest har gitt Lærdal kommune ei bot på 200.000 kroner for å ha iverksett tiltak på område med automatisk freda kulturminne.

Lærdal: Fredag kom det fram at Lærdal kommune har fått ei bot på 200.000 kroner frå Politimesteren i Vest for å ha starta graving i eit automatisk verna område. Det kjem fram i ei pressemelding.

Gravinga, som skjedde på slutten av 2017 gjekk føre seg på ei mark på Tønjum, der det på 90-talet blei registrert viktige funn frå ein over 1000 år gamal busetnad.

– Bota går på at gravinga vart starta opp i eit automatisk verna område og at gravinga kunne eller kan ha ført til skade på desse kulturminna, seier rådmann Arne Johansen.

Intern svikt 

Føremålet med gravinga var å gjera ferdig eit vass- og avløpsanlegg i området. Dette skulle ha vore på høyring hjå Fylkeskommunen, i fall dei hadde innspel til gravinga. Dei naudsynte løyva låg heller ikkje føre. 

– Då denne feilen vart oppdaga av Fylkeskommunen stoppa kommunen gravinga umiddelbart, seier rådmann.

Han skildrar saka som ein intern svikt. 

– Kontakten mellom dei som skal sette i gang gravinga, og dei som skulle ha gitt løyve til den, har ikkje vore god nok. Nødvendig løyve er ikkje innhenta, seier rådmann Arne Johansen.

Johansen: – Ser alvorleg på saka

Rådmannen forklarar at dei ikkje veit kor vidt det er gjort faktisk skader på kulturminne i området, men at dette likevel ikkje er usannsynleg.

Han påpeikar at Lærdal kommune ser alvorleg på saka.

Vidare fortel Johansen at det er viktig at kommunen er nøye på desse tinga, ettersom kommunen på den andre sida er sett til å forvalta eit regelverket ovanfor innbyggjarar, både private og bedrifter.

– Me har gjort grep organisatorisk, både på organisasjonskartet og i form av fysisk organisering, som skal gjera at kommunikasjonen mellom dei aktuelle instansane flyt betre. Dette vil me jobba vidare med for å hindra at noko slikt skjer igjen, avsluttar rådmann. 

Til toppen