AVLYSER: Lærdal kommune må avlysa årets julebord på grunn av dårleg økonomi. Foto: Arkiv.
AVLYSER: Lærdal kommune må avlysa årets julebord på grunn av dårleg økonomi. Foto: Arkiv.

Lærdal kommune må avlysa julebordet

På grunn av dårleg økonomi avlyser Lærdal kommune årets julebord.

Det opplyser kommunen i ei pressemelding.

– Me gjer dette med stor ulyst. Julebordet er eit tiltak som har stor verdi som kulturbygging i organisasjonen, men økonomien tillet ikkje det i år, seier rådmann Alf Olsen i Lærdal kommune.

Lærdal kommune har rundt 290 tilsette, og difor er dette eitt av dei største juleborda i Lærdal. Men når ein skal halde julebord for nesten 300 personar, vert det kostbart.

– Diverre tillet ikkje økonomien dette i år, held Olsen fram.

Julebordet er ikkje det einaste som har vorte ramma av den økonomiske situasjonen til kommunen. 

Blant anna har dei sett seg nøydde til å seia opp tilsette, og det blei stor ståhei då 10. klasse ved Lærdalsøyri skule ikkje fekk stønad til sin årlege fottur i Jotunheimen.

– Det kan ikkje vera rett å bruke pengar på julebord når me har vore nøydd til å seie opp folk og ikkje hatt råd til våre unge, legg Olsen til og seier han vil jobba for å få julebordet på plass att neste år.

– Me har så mange flinke tilsette i Lærdal kommune som står på dag og natt for oss. me skal prøva å få til eit arrangement neste år.

Til toppen