VIL UT: Lærdal kommune skal framleis stå for kulturhusfunksjonane, men ønskjer å trekkje seg ut av villakssenteret, kunstsenteret og kafèdrifta. Foto: arkiv.
VIL UT: Lærdal kommune skal framleis stå for kulturhusfunksjonane, men ønskjer å trekkje seg ut av villakssenteret, kunstsenteret og kafèdrifta. Foto: arkiv.

Lærdal kommune ønskjer å trekkje seg ut av villakssenteret

Besøkstala til villakssenteret har stupt dei siste åra. No ønskjer kommunen å trekkje seg ut.

PÅ TIDE: Ordførar Jan Geir Solheim meiner det er på høg tid at kommunen trekkjer seg ut av dei mange funksjonane som er knytt til villakssenteret.
PÅ TIDE: Ordførar Jan Geir Solheim meiner det er på høg tid at kommunen trekkjer seg ut av dei mange funksjonane som er knytt til villakssenteret.

Lærdal: Villakssenteret er drive av selskapet Green Norway, medan kommunen eig bygget som i tillegg rommar kafè, kino, kunstsenter og musikkstudio.

No ønskjer politikarane å overlate fleire av desse oppgåvene til andre og heller konsentere seg om kulturhusfunksjonen.

– Vi har kome til eit vegskille. Det var aldri meininga at kommunen skulle halda i alt dette åleine, seier ordførar Jan Geir Solheim. 

På tide med grep

Besøkstala har dei siste åra berre gått ein veg. Ei stund var senteret oppe i 47.000 gjester, no er talet under 10.000. 

Ordføraren seier det var på tide å gjere grep. 

– Vi må få opp besøkstalet kraftig. Det krev betre marknadsføring, fornying og investeringar i utstillingar.

Ønskjer å reindyrke profilen

Kommunepolitikarane har difor sett ned ei arbeidsgruppe, leia av  Arve Tokvam i Lærdal Næringsutvikling, som skal finne nye modellar for både drift og eigarskap. Målet er å snu den negative trenden. 

KLAR OPPGÅVE: Arve Tokvam, leiar i Lærdal Næringsutvikling, har fått ansvaret for å finne nye modellar for drift og eigarskap av villakssenteret.
KLAR OPPGÅVE: Arve Tokvam, leiar i Lærdal Næringsutvikling, har fått ansvaret for å finne nye modellar for drift og eigarskap av villakssenteret.

– Me ønskjer å utnytta det potensialet som alle meiner ligg der, seier Tokvam.

Nøkkelen for han er å få inn folk med entusiasme og engasjement til å forvalte både bygget og innhald. Han trur det er mykje å hente på å reindyrke profilen til senteret.

– Laksefisket er på veg oppover. Så det å ha laksestempelet på bygget trur me blir sentralt. Det er noko Lærdal er kjent for og som det er potensiale i å gjera meir ut av. Og så må senteret utviklast. Formidlingsteknologien som er i dag er forelda. Den må hevast for å gje appell til framtidige besøkande, seier Tokvam.

Til toppen