Lærdal: Det var i informasjonsrunden rådmann Alf Olsen jr. plar ha i kommunestyret han fortalte om alle innsynskrava, som han meiner stel både tid og energi frå dei tilsette.
I mange av sakene har rådmannen sjølv gått inn og tatt seg av handsaminga fordi dei er «så belastande for dei tilsette i kommunen», sa han. No vurderer han å koma med eit framlegg til politikarane om å få inn ein ressurs som kan hjelpe til å ta unna alle krava som kjem inn.
Olsen jr. var ikkje tilgjengeleg då Porten.no ville ha tak i han denne veka, men organiasjons- og personalleiar Reni Herland utdjupar.
– Omfanget er blitt så stort. Når ein har eit dokument, så må det gjerast noko med. Ein skal lesa det, og så blir det produsert nye dokument. Når ei sak har over 120 dokument, så ligg det ein del arbeid bak, seier ho.
– Går for langt
Men sjølv om det stel mykje tid, er Herland klar på at ho ønskjer full openheit i kommunen. Balansegangen mellom full openheit og at det kan kosta tid og pengar, er ikkje enkel.
– Ideelt sett ønskjer me det. I nokre av sakene vert det også avdekka at me må betra rutinane våre og ha meir orden. Me kan også bli betre på handtering av dokument og sakshandsamarsystemet, men me opplever at det blir for voldsomt, at interessa går for langt, held ho fram, men understrekar:
– Offentleg innsyn skal vera greitt, folk skal kunna få innsyn i kva me brukar skattepengane til. Og det er jo positivt at me blir betre også. Me ønskjer å levera ei endå betre teneste for innbyggjarane sin del.
Brukar tid på å leite i lovverket
Utfordringar blir det kanskje helst i vanskelege juridiske saker, der ein liten kommune i nokre tilfelle ikkje har nok kompetanse innanfor eit område.
– Då går det desto meir tid på å vera sikker på at det ein seier er rett, og på det å finna fram i lovverket.
No er spørsmålet korleis behovet vil sjå ut i framtida, og om dette er noko politikarane vil hjelpa administrasjonen med. For til sjuande og sist er det dei folkevalde som skal avgjera om ein ekstra ressurs skal på plass,
– Me må i så fall sjå stillinga i samanheng med liknande tenester kommunen tilbyr.