OMSTRUKTURERER: Okken Kraft AS, som er heileigd av kommunen, kjøper kommunen sine aksjar i Lærdal Energi.
OMSTRUKTURERER: Okken Kraft AS, som er heileigd av kommunen, kjøper kommunen sine aksjar i Lærdal Energi. (Foto: Snorre Sandemose/Arkiv)

Lærdal kommune sel kraftaksjane og dannar nytt konsern

Kommunen får økonomisk innsprøyting, utan å mista kontrollen over selskapet.

Lærdal: I formannskapet onsdag vedtok politikarane i Lærdal å selja kommunen sine aksjar i Lærdal Energi AS til Okken Kraft AS. Dei to vil framleis vera to sjølvstendige selskap, men dei vil inngå i eit konsern.

– Då får me ei utbetaling, altså me realiserer nokre verdiar og skapar likviditet, samstundes som me ikkje endrar på eigarposisjonen til kommunen, seier rådmann Arne Johansen.

Lærdal kommune eig litt over halvparten av aksjane i Lærdal Energi AS, medan Okken Kraft AS eig 4,9 prosent. Etter salet vil eigarskapen til Okken Kraft AS auka til 56,2 prosent. Okken Kraft AS er heileigd av Lærdal kommune.

Blir ein større aktør

Administrasjonen skal forhandla og legga fram utkast til avtale om sal og styreorganisering til kommunestyret. Rådmannen får fullmakt til å leiga inn ekstern hjelp for å gjennomføra omlegginga til energikonsern.

I saksframlegget skriv rådmann Arne Johansen at målet er å byggja opp ein større aktør med sterkare kapitalbasar som har høve til å ta del i nye investeringar.

– Samtidig vil ein få ein sterkare organisasjon med meir kompetanse både hjå leiinga og resten av organisasjonen. Desse to faktorane skal skapa driftssynerigar og større handlingsrom i gjennomføringa av dei forretningsmessige oppgåvene, skriv Johansen.

Lærdal Energi AS hadde 163 millionar i omsetning, og eit overskot på over 4 millionar i 2017.

Håpar på fleire arbeidsplassar

Etter at saka har vore oppe i kommunestyret, vil salet og omlegginga skje rimeleg fort, meiner rådmannen.

– Då er det snakk om å gå i forhandlingar om ein riktig pris, og gjennomføra omlegginga til eit konsern, seier Johansen.

Han seier det er ynskje om ta vare på både kompetanse og lokal forankring i det nye styret.

– Det overordna målet er å skapa meir arbeidsplassar, større verdiar, og sjølvsagt òg eit fornuftig utbyte til Lærdal kommune, seier Johansen.

Til toppen