SØKSMÅL: Lærdal kommune har varsla søksmål mot Østfold Energi. Om kommunen ikkje får medhold av fylkesskattekontoret, vil dei vurdere å til rettens veg. Foto: Arkiv. 
SØKSMÅL: Lærdal kommune har varsla søksmål mot Østfold Energi. Om kommunen ikkje får medhold av fylkesskattekontoret, vil dei vurdere å til rettens veg. Foto: Arkiv. 

Lærdal kommune varslar søksmål

Rekneskapen til Østfold Energi vert ført på ein måte som får store økonomiske konsekvensar for Lærdal kommune. 

Lærdal: Kommunen er ikkje samde om utgiftsføringa til Østfold Energi, og har no varsla søksmål mot Sentralkontoret av storbedrifter. Saka vert behandla av fylkesskattekontoret i Østfold. 

Sentralskattekontoret er dei som utarbeidar grunnlaget for eigedomskatt på kraftanlegg, Søksmålet må rettast fordi kommunane ikkje har klagerett over dette grunnlaget.

– Om Lærdal kommune ikkje får medhald i saka, vil me saman med advokat, vurdera om me skal gå til sak om, seier Jan Geir Solheim, ordførar i Lærdal til Porten.no.

Kommunestyre i Lærdal vart orientert om saka under kommunestyremøte førre veke. 

Store investeringar

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) har pålagt kraftselskapa å sikre alle dammane i Noreg som ein del av deira samfunntryggleikstiltak.

Østfold Energi har som mål å vera ferdig med desse sikkerheitstiltaka i 2020 og starta investeringane tidleg. Det er no usemje om desse investeringane skal aktiverast eller utgiftsførast. 

– Desse endringane har pågått ei stund, men det er fyrst no vi ser dei store økonomiske tapa for Lærdal kommune. Grunnen til tapa er at Østfold Energi utgiftsfører meir enn tidlegare og dermed går skattegrunnlaget kommunen får av kraft nedover, seier Solheim. 

Grunnlaget for eigedomsskatt er enkelt forklart basert på inntekter og utgifter dei siste fem åra. Sjølv om endringane kom i 2008, låg grunnlaget til Østfold Energi for skatt over maksgrensa slik at kommunen fekk same skatten sjølv om grunnlaget var redusert. Det var fyst når grunnlaget basert på siste 5 åra gjekk under maksgrensa at skatten vart redusert.

Kan tapa millionar

Dagleg leiar i det kommunale føretaket Okken Kraft, Knut Skår, seier på generelt grunnlag at det å varsla søksmål er den einaste moglegheita kommunen har for å klaga på saka. 

– Kraftselskapa menar at desse investeringane skal aktiviserast sidan dei er pålagde av NVE av sikkerheitsgrunnar og vil ikkje gje auka inntekter, kun utgifter, seier Skår. 

Den samla eigedomsskatten for Lærdal kommune ligg på omlag 10 millionar kroner. Grunnent til at kommunen varslar søksmål no, er fordi fristen til å gjere det snart går ut. 

– Dei økonomiske tapa for Lærdal kan ligge i millionklassen, men eg veit ikkje den nøyaktige summen, seier Skår. 

Fleire kraftkommunar kan kome til å klage

Problemstillinga som Lærdal kommune no står overfor, er noko mange kraftkommunar i Noreg vil koma borti. 

– Det er fleire kommunar som har gått til søksmål, deriblant Høyanger som har saksøkt sentralskattekontoret. Det er ikkje alle kraftkommunar som vil få reduserte inntekter på grunn av dette, dei må ha damanlegg som er pålagde rehabiliteringar i ein størrelseorden som gjer at skattegrunnlaget vert redusert under makstaket på 2,74 øre/KWh, seier Skår. 

Skattekontoret i Østfold vil anten sei at det er greitt at investeringane til Østfold Energi vert direkte utgiftsført, eller så vert det ein endring i skatten. Dette vil gjelde for skatten for 2016 og framover. 

Porten.no har vore i kontakt med Østfold Energi, men dei ønskjer ikkje å kommentere saka. 

– Sidan vi ikkje er part i denne saka, ønskjer vi ikkje å kome med ein uttale, seier Tone Sundnes Reiten, kommunikasjonsrådgiver i Østfold Energi. 

Til toppen