MÅ TREKKE LAGET: Leiar i fotballgruppa i Lærdal, Jan Tore Stølen, seier det er kjedeleg og beklageleg at Lærdal ikkje stiller seniorlag i 5. divisjon denne sesongen. Foto: Jan Christian Jerving.
MÅ TREKKE LAGET: Leiar i fotballgruppa i Lærdal, Jan Tore Stølen, seier det er kjedeleg og beklageleg at Lærdal ikkje stiller seniorlag i 5. divisjon denne sesongen. Foto: Jan Christian Jerving.

Lærdal må trekke seniorlaget i fotball

– Det er svært kjedeleg og beklageleg, seier leiar for fotballgruppa Jan Tore Stølen.

Det blir ikkje noko seniorfotball på herresida i Lærdal denne sesongen. Det har styret i fotballgruppa i Lærdal Idrettslag bestemt etter å ha vurdert talet på spelarar som for lågt til å stille lag.

– Det er noko me har venta med i det lengste for å unngå, men me klarar det ikkje. Me har mange spelarar, men det er mange som er på skule og jobb, og me får ikkje organisert oss slik at me får avviksa noko. Det er forbanna kjedeleg, seier Stølen til Porten.no.

Lærdal skriv seg dermed inn i rekka med fleire andre 5. og 6. divisjonslag som må kaste inn handkledet før denne sesongen. 

LES OGSÅ: Samarbeidar som andrelaget

– Me har alltid hatt eit A-lag i Lærdal. Det blir vemodig og kjedeleg at ein ikkje kan reisa på A-lagskamp i Lærdal. Me har slete dei siste åra, men me har alltid fått det til.

Forventa

SKEPTISK: Tidlegare trenar, Øystein Lindesteg Rinde, er skeptisk til at Lærdal ikkje stiller seniorlag denne sesongen.
SKEPTISK: Tidlegare trenar, Øystein Lindesteg Rinde, er skeptisk til at Lærdal ikkje stiller seniorlag denne sesongen.

Tidlegare spelande trenar, Øystein Lindesteg Rinde, som no trenar Kaupanger-damene, synest også nyhenda er trist, men han er ikkje overraska.

– Me har lagt eit grunnlag, og det er alle forutsetningar for å ha eit lag i Lærdal med gode baner og ein innjobba kultur. Det vil svinga litt med tanke på rekruttering, men me har sagt at det ville stoppa før eller sidan. Det hjelp ikkje å ha 18 mann utan ein stamme i laget, fortel han og seier at han fryktar konsekvensane av dette.

– Eg er litt skeptisk til at det blir lagt på is over fleire år, og så får ein det ikkje opp att, at det går for lang tid før ein klarar å få det opp å stå. Det hjelp ikkje å venta på dei som kjem opp viss dei kjem til ingenting. Ein må ha ein fin miks av unge og eldre, og eg ser ikkje kven som skal dra lasset om nokre år.

Limet i miljøet

Rinde er tidlegare skildra som limet i fotballmiljøet i Lærdal. Etter førre sesong tok han fatt på ei ny oppgåve då han bytte ut herrefotball med kvinnefotball i Kaupanger. 

– Øystein gjorde ein kjempejobb. Det skal han ha. Det at han drog er ein medvirkande årsak, skal eg ikkje seia direkte, men det kan noko med saka å gjere. Han har eit nettverk, seier Stølen, som likevel ser optimistisk på framtida.

Skal komma tilbake

– No har det gått nedover med fotballen i Lærda, der rekrutteringa ikkje er slik ho var før. Det er tida. Det er ikkje så mykje å gjera enn å oppretthalde det ein har og satse for fullt på aldersbestemt.

– Me må byggja, satsa og vidareutvikla dei og satsa på trenarutdanning og dommarsatsinga. Det ligg på agendaen no. Me har langt i frå gjeve opp, understrekar han.

Til toppen