VEKST: Lærdal har hatt størst vekst i totale gjestedøgn av dei tre reisemåla Røros, Trysi , og Lærdal frå 2013 til 2015, fortel Helene Maristuen. Arkivfoto: Ingrid Nordbye-Antonsen.
VEKST: Lærdal har hatt størst vekst i totale gjestedøgn av dei tre reisemåla Røros, Trysi , og Lærdal frå 2013 til 2015, fortel Helene Maristuen. Arkivfoto: Ingrid Nordbye-Antonsen.

Lærdal med størst vekst av gjestedøgn

Lærdal har hatt størst vekst i totale gjestedøgn av dei tre reisemåla Røros, Trysi , og Lærdal frå 2013 til 2015. 

Lærdal: I perioden 2010 til 2013 bana Røros, Trysil, Vega og Lærdal veg for «Merket for berekraftige reisemål» og dåverande næringsminister Trond Giske delte ut diplomet som bevis på at dei fire reisemåla hadde funne fram til høvelege kriterium og indikatorar som kunne måle reisemåla. 

Å kvalifisere seg for dette merket er ein måte å bidra til at reiselivet på ein ansvarleg måte kan levere heilskaplege og gode opplevingar.

Berekraftig reiseliv er samansett, men består av tre berebjelkar for berekraft. Det handlar om bevaring av kultur, natur og miljø, sosial berekraft og økonomisk berekraft.

God effekt av lokal mat

– Eit heilt konkret døme på bedriftsnivå kan vere miljøfyrtårnsertifiseringar. Lindstrøm Hotell er ein av dei elleve som sertifiserte seg medan Berekraftpiloten heldt på, og dei har vidare re-sertifisert seg etterpå. Ved å miljøfyrtårnsertifisere seg  har dei redusert rennovasjonsutgifter, redusert straumforbruk og fått meir lokalmat på menyen, fortel Helene Maristuen. 

Ho ber innbyggjarane i Lærdal om å svare på nokre spørsmål om reiselivet i Lærdal. Undersøkinga kan du ta her.

– Dette med lokalmat ser me ein god effekt av. Det har blant anna blitt særs populært når Lærdal Torg leverer frukt og grønt og går gjennom spisesalen – inn på kjøkenet med varene. Då ser gjestene våre at det er kort veg frå jord til bord og det likar dei, seier Knut Lindstrøm som har om lag 17 000 gjestedøgn i løpet av eit år. 

Den sosiale berekrafta handlar om at innbyggjarar, besøkande og tilsette skal ha det bra på reisemålet i form av gode opplevingar og trygge rammer.

Økonomisk berekraft

Den siste berebjelken, økonomisk berekraft, går både på bedriftsnivå, men òg på reisemålsnivå. Går ei bedrift bra, så opprettheld dei eller skapar arbeidsplasser som igjen gjev skatteinntekter til kommunen. 

– Ifølgje BDO sin samfunnsanalyse av Lærdal har sysselsettinga i hotell og restaurant auka frå 2 til 4 prosent i perioden 2000 til 2014. Det vil seia heile 17 stykk. I tillegg er det vanleg å definere transport som kjernenæring i reiselivet, og dei har hatt ein auke på 32 stykk, seier Maristuen vidare.

– I 2013 fann me ut at kjernenæringane i reiselivet i Lærdal hadde ei omsetning på 88 millionar kroner, og det er klart dette gjev ringverknader i lokalsamfunnet. Lærdal har vore største reisemål i tal gjestedøgn i Sogn saman med Aurland i mange år medan Sogndal og Luster har kome på ein god 2. plass. 

Aukar mest

Av dei fire berekraftpiloten nemnd lenger oppe i teksten, er det altså Lærdal som har størst vekst i totale gjestedøgn sidan 2013 med ein auke på 6 prosent.

– Dette heng nok saman med at Lærdal og Sogn er eit særs internasjonalt reisemål og me over 40 nasjonalitetar her i løpet av eit år, seier Maristuen. 

Ståle Brandshaug i Visit Sognefjord seier han er glad for at Lærdal vil re-merke seg og fortel at dei har som mål at fleire stader vil gjere det same. 

Til toppen