MEIR SAMLA: Lærdal har blitt meir samla etter storbrannen herja i januar. Det skulle dei visa framføre kameraet også då Strix skulle filma til dokumentaren dei lagar om brannen. Foto: Marius Hovland.
MEIR SAMLA: Lærdal har blitt meir samla etter storbrannen herja i januar. Det skulle dei visa framføre kameraet også då Strix skulle filma til dokumentaren dei lagar om brannen. Foto: Marius Hovland.

Lærdal meir samla etter brannen

Søndag føremiddag var fleire lærdøler samla i Øyragata i forbindelse med filming av dokumentaren etter brannen.

Lærdølene er tydelege på at dei er meir samla etter brannen som råka bygda på kvelden 18. januar tidlegare i år. 

MØTTE OPP: Ordføraren Jan Geir Solheim var også tilstades.
MØTTE OPP: Ordføraren Jan Geir Solheim var også tilstades.

– Det har betydeleg styrka samhaldet og knytt folket meir saman, seier ein av dei lokale. 

– Det ser ein på kva som vart stelt i stand i ettertid. Folk fekk husly og det vart organisert innsamling av klede og leiker. Kjempe tiltak av folk frå heile indre Sogn. 

Ordførar Jan Geir Solheim er samd med dei andre og legg til at det er heilt utruleg alt det folk har gjort.

Leverte mat heile natta

For ein del av befolkninga på Øyri vart det lange nattetimar i uvissheit. Folk vart evakuert til venner og bekjente, samt sjukehuset og andre lokale bygg. Til og med i Aurland og Årdal fekk folk husvære.

På Haabakken, som var ein av plassane det vart oppretta senter for dei evakuerte, var det ein mann som hjalp ekstra godt til.

Ansgar Brugrand, som eig Joker-butikken på Ljøsne, laga mat og leverte til dei heile natta. Det kom nok godt med, då dei frå før hadde nok å stri med. 

LEVERTE MAT: Ansgar Brugrand gjorde det han kunne for å hjelpa brannofra.
LEVERTE MAT: Ansgar Brugrand gjorde det han kunne for å hjelpa brannofra.

Følgjer brannofra

Filminga i dag vart utført med drone frå lufta, der dei filma dei lokale i Øyragata.

TV2 og Strix, som tek føre seg dokumentaren, har fulgt brannofra og filma sidan februar. 

Dei kjem til å ha ei kontinuerlig filming framover, og har ikkje befesta nokon sluttdato enda.

Til toppen