KRØLL: Taket på eit hus i Seimsdalen hadde krølla seg saman grunna den sterke vinden natt til laurdag. Foto: Ingrid Nordbye-Antonsen
KRØLL: Taket på eit hus i Seimsdalen hadde krølla seg saman grunna den sterke vinden natt til laurdag. Foto: Ingrid Nordbye-Antonsen

Lærdal mista straumen i ein halvtime

Då stormen "Tor" herja som verst fredag kveld, forsvann straumen i Lærdal sentrum ein kort periode.

Både Lærdal og Årdal kommune mista straumen i ein periode då orkanen "Tor" traff Vestlandet i går kveld.

- Vi hadde ein straumstans i sentrum og ned til Grandane som bydde på litt utfordringar for oss med tanke på pumpestasjonane. Men vi hadde førebudd oss godt og straumen var tilbake på ein liten halvtime, seier Magne Hjellum, tenesteleiar i Lærdal kommune.

Ventar meir vind utover dagen

Laurdag morgon var det klårvêr i begge kommunane. I Lærdal hadde det også kome litt snø i løpet av natta.

- No er det heilt stille, men det er meldt om at det kjem ein del vind seinare på dagen. Eg trur uansett det ikkje blir så gale, seier Hjellum.

I går stod beredskapen klar til å ta imot stormen "Tor".

- Vi hadde vanleg kommunal beredskap. Det er ikkje fyrste gong vi opplever noko slikt, så vi var klare, seier han.

Teknisk drift har ikkje fått inn noko meldingar om skadar som følger av uvêret i går.

Telefonen ringte i eitt sett

Heile leiinga og ein del montørar i Årdal energi var på plass då straumen i kommunen gjekk klokka 17.18 fredag kveld.

- Det var ein feil på Hydro som gjorde at vi vart straumlause. Vi hadde førebudd oss godt om noko skulle skje med nettet vårt og klarde å fiksa det ganske raskt, seier Jørgen Luggnes, everksjef i Årdal Energi.

Staumen kom tilbake klokka 20.09.

Les også: Straumen er tilbake: – No er me letta

- Når heile bygda var straumlause, kom det inn ein del telefonar. Det er klart folk er uroa når heile bygda er svart, seier Luggnes.

I dag er det roleg i Årdal og nettet er oppe og går.

- Vi hadde ein liten feil på vårt system i går, men vi fiksa den rask med ei midlertidig løysing i går kveld, seier han.

Les også: «Tor» gir store utfordringar på vegane

Driftsansvarleg i Årdal kommune, Eirik Dyrdal, opplyser til Porten laurdag morgon at dei ikkje har fått inn meldingar om noko øydeleggingar i løpet av morgontimane.

- Eg trur det har gått ganske greitt, seier Dyrdal.

Til toppen